Beast of Burden Singel av The Rolling Stones frå albumet Some Girls | ||
Utgjeve | September 1978 (singel) | |
Innspelt | Oktober-desember 1977 | |
Sjanger | Rock | |
Lengd | 4:24 | |
Selskap | Rolling Stones/Virgin | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
---|---|---|
Produsent | The Glimmer Twins | |
The Rolling Stones-kronologi | ||
«Miss You» (1978) |
Beast of Burden | «Respectable» (1978)
|
«Beast of Burden» er ein song av det engelske rockebandet the Rolling Stones på albumet deira Some Girls frå 1978. I 2004 rangerte musikkmagasinet Rolling Stone songen på 435. plass på lista deira over dei 500 største songane gjennom tidene.
«Beast of burden», eller eit arbeidsdyr, er eit dyr som arbeidarar nyttar til å arbeide for seg, som ein okse elle rein hest. Musikken og ein del av teksten er i følgje omslag på samleplata Jump Back hovudsakleg skriven av Keith Richards.
Innspelinga av songen starta i oktober 1977 og var ferdig i desember same året. Det meste av songen var skriven før dei gjekk i studio, men ein del av tekste vart improvisert av Mick Jagger for tilpasse dei glatte gitarane til Richards og Ron Wood. Verken Richards eller Wood spelar rytmegitar eller sologitar, men begge går inn og ut av rolla og kompletterer kvarandre fullt ut. Som med fleire av songane på Some Girls er det berre bandmedlemmer som spelar på songan; både Richards og Wood spelar akustisk og elektrisk gitar, og Wood spelar soloen.[1]
Songen var den andre singelen frå albumet. Han nådde åttandeplass i USA. Konsertutgåver av songen finst som B-side til «Going to a Go-Go» og på konsertalbumet Live Licks..
Liste (1978) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 8 |
US Cash Box | 7 |
'''Beast of Burden''' Singel av Bette Midler frå albumet No Frills | ||
B-side |
«Come Back, Jimmy Dean» | |
---|---|---|
Utgjeve | 10. februar 1984 | |
Innspelt | 1983 | |
Sjanger | Hardrock, new wave | |
Lengd | 3:48 | |
Selskap | Atlantic | |
Låtskrivar(ar) | Jagger/Richards | |
Produsent | Chuck Plotkin, Brock Walsh, Danny Goldberg | |
Bette Midler-kronologi | ||
«My Favourite Waste of Time» (1983) |
Beast of Burden | «Under the Boardwalk» (1988)
|
I 1984 vart songen spelt inn av Bette Midler. Versjonen hennar nådde 71. plassen på Billboard's Hot 100, og fleire linjer i teksten vart endra. Songen kom òg ut på albumet No Frills.
Det vart laga ein musikkvideo der Milder og Mick Jagger snakkar i garderoben hennar, før ho kjem ut på scenen og framførar songen i lag med han. På slutten av songen kastar nokon ein pai på Jagger, og Midler ler fram til ho får ein pai på seg sjølv.
7" Single
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
U.S. Billboard Hot 100 | 71 |
Australia (Kent Music Report)[2] | 12 |
Den tyske singellista | 15 |
Nederlandsk Topp 40 Singles Chart | 10 |
Den belgiske singellista[3] | 15 |
Svensktoppen | 2 |
VG-lista | 2 |
New Zealand Singles Chart | 4 |
Liste (1984) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[4] | 64 |
Songen vart seinare spelt inn av Bette Midler, som hadde med seg Mick Jagger som gjestestjerne i musikkvideoen. Songen vart gjeven ut på albume thennar No Frills i 1983.
444: «Love Me Tender» Elvis Presley |
Plassering på lista til Rolling Stone frå 2010 over dei 500 beste songane gjennom tidene 443 «Beast of Burden» The Rolling Stones |
442: «Alone Again Or» Love |