NorthKid | |||
Aktiv | 2017– | ||
---|---|---|---|
Sjanger | pop, skandinavisk pop, nordisk popmusikk | ||
Plateselskap | Sony Music Norway |
NorthKid er eit norsk popband frå Alta og Hasvik som vart skipa i 2017. Bandet deltok i Melodi Grand Prix 2022 med låten «Someone», og fekk ein andreplass i finalen, bak vinnaren Subwoolfer.
Historia til bandet byrja rundt 2010, då altaværingane Helge Moen og Håkon Guttormsen byrja å spele og skrive musikk saman med nokre vennar.[1] Etter ein konsert med det lokale bandet «Shameless Lisa and the Hormonal River of Boys» på Ungdommens hus i Alta i 2013, vart kameratane inspirerte til å starte sitt eige band. Bandet fekk namnet «Approaching Pluto», og dei spela konsertar både lokalt i Finnmark og utanlands, nærare bestemt i Russland, Finland, Sverige og England.[1][2]
Etter nokre år med rock i Approaching Pluto valde bandet å endre sjangeren i retning av pop, og dei endra namnet til NorthKid. Gruppa fekk med seg Bilal Saab som vokalist, og starta eit profesjonelt samarbeid med musikkprodusenten Kåre Vestrheim.[1] Etter eit par coverutgjevingar og framsyningar på lokale festivalar i Troms og Finnmark, slapp bandet debutsingelen «Firefly» i november 2017. Låten skreiv dei sjølv saman med Jesper Borgen, Mike Hartung og samarbeidspartneren Vestrheim.[1] Dei neste åra følgde ei rekkje nye singlar, og hovudvokalisten Bilal Saab deltok i, og vann, Stjernekamp på NRK1 hausten 2019.[3][4] Men konsertverksemda til bandet vart kraftig avgrensa i 2020 og 2021 på grunn av koronapandemien og medfølgjande restriksjonar for kulturliv og folkesamlingar.[5]
I januar 2022 kunngjorde NRK at NorthKid var ein av dei direktekvalifiserte finalistane til Melodi Grand Prix 2022.[6] Dei presenterte låten sin, popballaden «Someone», i den tredje delfinalen laurdag 29. januar 2022.[6] Songen var skriven av bandmedlemmet Helge Moen saman med Alex Charles, Sandra Lyng og Jim Bergsted.[7] Bandet kvalifiserte seg til finalen laurdag 19. februar, og enda opp på andreplass bak vinnaren Subwoolfer.