Bilal Saab | |||
Fødd | 16. mars 1999 (25 år) | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Hasvik kommune | ||
Opphav | Noreg | ||
Instrument | vokal | ||
Verka som | songar |
Bilal Alexander Saab (fødd 16. mars 1999 i Hasvik) er ein norsk songar og musikar, best kjend for å vere frontfigur i bandet NorthKid.[1] Han er også kjend for å ha vunne den åttande sesongen av Stjernekamp i 2019 og den tredje sesongen Maskorama hausten 2022.
Saab er fødd og oppvaksen på Sørøya i Hasvik kommune i Finnmark, med far av libanesisk opphav og mor frå Finnmark. Han gjekk i perioden 2015–2018 på musikklinja ved Alta videregående skole.[2][3]
Hausten 2019 deltok Saab i den åttande sesongen av Stjernekamp. Han kom til finalen og vann over Kim André Rysstad.[1]
Våren 2022 deltok Saab som vokalist for bandet NorthKid i Melodi Grand Prix 2022, med låten «Someone».[4]
Hausten 2022 deltok Saab i Maskorama, som «Zombien», og vann finalen laurdag 19. november.[5]