Leif Aune | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 7. juni 1925 Bodø |
Død |
20. juli 2019 (94 år) |
Yrke | samfunnsøkonom, politikar |
Politisk parti | Arbeidarpartiet |
Leif Jørgen Aune (7. juni 1925–20. juli 2019) var ein norsk sosialøkonom, statsråd 1973-78 i Arbeidarparti-regjeringar.
Aune, som var fødd i Bodø og døydde i Fredrikstad, var utdanna som cand.oecon. i 1951 og arbeidde mykje med regional utvikling. Frå mars 1971 til regjeringsskiftet i oktober 1972 var han statssekretær under statsråd Odvar Nordli i Kommunal- og arbeidsdepartementet i Regjeringa Bratteli I. Sidan var han sjølv statsråd i det same departementet i Regjeringa Bratteli II frå 1973 til 1976, og heldt fram i Regjeringa Nordli frå 1976 til han gjekk av 11. januar 1978. Der etter var han direktør for Distriktenes utbyggingsfond frå 1978 til 1990.
Aune var elles med i styra for Christiania Bank og Kreditkasse, Ullevål Universitetssjukehus og mange andre styre og råd.
Denne artikkelen bygger elles på «Leif Aune» frå Wikipedia på engelsk, den 10. februar 2010.
som oppgav følgjande kjelder: