Larveetarar
Maskelarveetar Coracina novaehollandiae
Maskelarveetar
Coracina novaehollandiae
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Larveetarar Campephagidae
Vigors, 1825

Larveetarar utgjer den biologiske familien Campephagidae av små til mellomstore, vanlegvis lange og slanke fugleartar i subtropisk og tropisk Afrika, Asia og Australia.

Namnet 'larveetarar' er avleidd frå kosthaldet, dei et gjerne store hårete sommarfugllarver. Det engelske namnet 'Cuckooshrike' kan kome av at nokre av artane ber ein overflatisk likskap med gaukar, og har ei tilsvarande bølgjande flyging.

Taksonomi

[endre | endre wikiteksten]

Dei nær 90 artane er funne i 11 slekter som omfattar tre ulike grupper, 'verkelege' larveetarar (slektene Campephaga, Coracina og Campochaera), trillefuglar (Lalage) og mønjefuglar (Pericrocotus).

Ein trur no at larveetarar er nært knytt til pirolar, Oriolidae, sjølv om dei syner sterke fråvik i nokre morfologiske kjenneteikn, som skallemorfologi og ordning av vengefjør.

Oskefuglar, Tephrodornis, var tidlegare ofte lagt til denne familien, men er i dag lista saman med hjelmvarslarar. Ei anna slekt, Chlamydochaera, med éin art, fruktplukkar, vart ofte plassert i denne familien, men har no vist seg å vere ein trast i familien Turdidae.

Skildring

[endre | endre wikiteksten]

Larveetarar er hovudsakleg grå med kvitt og svart, jamvel om mønjefuglar har sterke fargar i raudt, gult og svart, og asurlarveetar i sentrale Afrika alt i alt er skinande blå. Dei fire larveetarane i slekta Campephaga syner kjønnsdimorfisme, med hannfuglar som har skinande svart fjørdrakt og raude eller gule hudlappar, hoene har meir dempa olivengrøn fjørdrakt.[1] Slekta Coracina er ikkje monofyletisk.[2]

Av alle 82 artar larveetarar, er dei fleste skogsfuglar. Nokre artar avgrensa til primærskog, som brungumplarveetar. Andre er i stand til å bruke meir kultivert skog. Rundt elleve artar brukar mykje meir opne habitat, ein australsk art, som bakkelarveetar er funne på opne sletter og i krattskog med få tre.

'Verkelege' larveetarar finst vanlegvis einskildvis, i par, og i små familiegrupper, medan mønjefuglar og flugeetarar oftare dannar små flokkar. Det er ein monaleg variasjon innan familien som heilskap når det gjeld lydytringar, nokre syng særs sjeldan og andre, hovudsakleg mønjefuglar, er mykje vokale.

Desse er i hovudsak insektetande, og vil ta store hårete sommarfugllarver. Dei har òg vorte registrert små virveldyr, og litt frukt, frø og anna plantemateriale i føda.[1]

Ein har ikkje studert forplantingsbiologien hos alle artar i familien. Artane som er studerte er territoriale, hos dei av desse artane som er standfuglar vil fuglane verne territoriet året rundt. Larveetarar er monogame, med parforhold som tilsynelatande er varig gjennom heile året. Berre éin førekomst av ikkje-monogam forplanting har vore registrert, ein førekomst av polygyni hos kvitvengtrillefugl i Australia, der ein hann hjelpte to hoer med mat til ungar. Fleire artar av larveetarar driv samarbeidande hekking. Omkring fire kvitflekte, grøne eller blå egg blir lagt i eit koppforma reir i eit tre. Rugetida er to veker.

Artsliste

[endre | endre wikiteksten]

Larveetarar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]

Slekt Pericrocotus

Slekt Coracina

Slekt Lobotos

Slekt Campephaga

Slekt Campochaera

Slekt Malindangia

Slekt Lalage

Slekt Celebesia

Slekt Cyanograucalus

Slekt Analisoma

Slekt Edolisoma

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Referansar

[endre | endre wikiteksten]
  1. 1,0 1,1 Clancey, P.A. (1991). Forshaw, Joseph, red. Encyclopaedia of Animals: Birds. London: Merehurst Press. s. 176. ISBN 1-85391-186-0. 
  2. Knud A. Jønsson, Martin Irestedt, Jerome Fuchs, Per G.P. Ericson, Les Christidis, Rauri C.K. Bowie, Janette A. Norman, Eric Pasquet, Jon Fjeldsa (2008) Explosive avian radiations and multi-directional dispersal across Wallacea: Evidence from the Campephagidae and other Crown Corvida (Aves) Molecular Phylogenetics and Evolution 47:221–236
  3. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 24. februar 2019 
  4. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]