Kaffarseglar | |
Kvitgumpseglar Foto: Derek Keats
| |
Status | |
Status i verda: Livskraftig | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Seglarar Apodidae |
Slekt: | Apus |
Art: | Kaffarseglar A. caffer |
Vitskapleg namn | |
Apus caffer Lichtenstein, 1823
|
Kvitgumpseglar (Apus caffer) er ein fugl i seglarfamilien som lever Afrika sør for Sahara, men òg med spreidde førekomster av hekkande fuglar på Den iberiske halvøya.
Dette er små fuglar med kroppslengd på 14 centimeter og vekt på 22 gram. Karakteristisk for arten er den kvite overgumpen og djupt kløfta hale. Dei kan flyge med halefjørene samla i ein kileform slik at gaffelforma ikkje er synleg. Vengene er relativt lange, fjørdrakta mørk med ein kvit flekk i strupen i tillegg til kvitt på gumpen.[1]
Utbreiingsområdet er stort sett Afrika sør for Sahara, lengst sør på kontinentet er dei trekkfuglar. Det finst dessutan hekkefuglar i Marokko og sør på Den iberiske halvøya som trekker sørover for overvintring.[1]
Kvitgumpseglarar parasitterer svalereir for hekking, i Spania kan dei hekke i nedlagde bygningar.[1]
Det finst ein godkjent observasjon av to individ i Noreg i 1986.[2] I 2014 vart artsnamnet på norsk endra frå kafferseglar (bokmål: kafferseiler) til kvitgumpseglar.[3]
Storleiken på populasjonen er ikkje estimert, men er trudd å vere aukande. Arten er klassifisert som globalt livskraftig.[4]