Apus | |
Gaffelseglar, Apus pacificus, med reirmaterialar i nebbet Foto: Flickr-brukar Ozma
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Seglarfuglar Apodiformes |
Familie: | Seglarar Apodidae |
Slekt: | Apus Scopoli, 1777 |
Apus er ei biologisk slekt i seglarfamilien, Apodidae. Dei 21 artane i denne slekta er små til mellomstore seglarar, som berre førekjem i «den gamle verda», dei fleste av dei i Afrika. Av desse er 7 endemiske, 5 andre artar overvintrar eller hekkar i Afrika, men kan òg finnast andre stader. Fem artar hekkar i vestlege Palearktis, desse overvintrar nesten alle i Afrika sør for Sahara.
Den mest kjente representanten for slekta i Europa er tårnseglar, som er einaste seglaren som er utbreidd over det meste av verdsdelen. Andre artar av denne slekta som finst i Europa er alpeseglar og gråseglar, begge avgrensa til Sør-Europa. Kvitgumpseglar hekkar berre sør på Den iberiske halvøya. Kanariseglar lever på Kanariøyane og Madeira, og kan vitje Europa sommarstid.
Den største arten i slekta er gaffelseglar, Apus pacificus, i Asia og Australia med ei kroppslengd på 17 til 19,5 centimeter, den minste arten, småseglar, Apus affinis, er den minste med sine 12 centimeter. Dei beitar utelukkande på insekt og edderkoppdyr som dei fangar i flukt.
Vengene er lange og sigdforma, halen er lang i tilhøve til andre seglarar og djupt gaffelforma hos dei fleste artar, berre småseglaren har avskoren haleform. Beina er svært korte. Generelt for seglarar er små klør, men klørne er sterke og skarpe, saman med ein kraftig hale ei tilpassing for å gripe tak på vertikale flater.[1] Nokre artar kan vri alle tærne framover slik at dei saman fungerer som ein krok å henge etter.[2] Ein kan skilje mellom to variantar i fjørdrakt: Mørkare svart med lysare kvit hals og svart til middels brun med bleikare, mindre kontrastfylt hals.
Seglarane i slekta Apus hekkar i hòler og sprekkar, vanlegvis høgt oppe i fjellskrentar eller bygningar. Egga er vanlegvis små, og storleiken på kullet er skildra som 1-3 egg hos mange artar, somme spesifikt 2 egg, men nokre andre med opptil 4 eller 5 egg i kullet.
Seglarar minner om svaler, men er ikkje nært nærskylde, dette er eit døme på konvergerande evolusjon.
Apus i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[3] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[4]