Kenenisa Bekele | |
Kenenisa Bekele feirar siger frå VM i friidrett 2009 i Berlin. Foto: Erik van Leeuwen
| |
Statsborgarskap | Etiopia |
Fødd | 13. juni 1982 (41 år) Bekoji |
Yrke | langdistanseløpar, friidrettsutøvar |
Høgd | 165 centimeter |
Kenenisa Bekele på Commons |
Kenenisa Bekele (fødd 13. juni 1982) er ein etiopisk langdistanseløpar som spesialiserer seg på 5000 meter og 10 000 meter. Han held både verdsrekorden og den olympiske rekorden på begge distansane.
Under sommar-OL 2004 i Athen tok Bekele sølv på 5000 meter, berre slått av legenden Hicham El Guerrouj. Bekele vann gull på 10 000 meter same året. Under sommar-OL 2008 i Beijing var Bekele uslåeleg og tok gull på begge distansane. I tillegg har han VM-gull i langdistanseløp frå Paris i 2003, Helsingfors i 2005, Osaka i 2007 og Berlin i 2009.
Kenenisa Bekele deltok under sommar-OL 2012 i London i 2012. Same året fekk han Bislett-medaljen for store idrettsbragder på Bislett stadion.[1]