Hicham El Guerrouj | |
Statsborgarskap | Marokko |
Fødd | 14. september 1974 (49 år) Berkane |
Yrke | langdistanseløpar, mellomdistanseløpar, løpar |
Språk | arabisk |
Høgd | 181 centimeter |
Medlem av | Den internasjonale olympiske komitéen |
Hicham El Guerrouj på Commons |
Hicham El Guerrouj (arabisk: هشام الݣروج) (fødd 14. september 1974) er ein marokkansk tidlegare langdistanse- og mellomdistanseløpar. Han held verdsrekorden på både 1500 meter, éi engelsk mil og utandørs 2000 meter. I tillegg har han VM-gull frå 1997, 1999, 2001 og 2003.
Hans fyrste medalje i OL-samanheng var eitt sølv på 1500 meter frå sommar-OL 2000 i Sydney, då han blei slått av kenyanaren Noah Ngeny. Dei største olympiske leikane for El Guerrouj var sommar-OL 2004 i Athen. Her sprang han inn til gull på både 1500 meter og 5000 meter. Hicham El Guerrouj trekte seg tilbake frå toppidretten etter Athen-leikane.
Guerrouj fekk Bislett-medaljen i 2000.[1]