In the Pocket Studioalbum av James Taylor | ||
Utgjeve | Juni 1976 | |
Innspelt | 1975–76 i Warner Bros. Recording Studios, North Hollywood og The Burbank Studios, Burbank | |
Sjanger | Folkrock, rock, softrock, R&B | |
Lengd | 45:04 | |
Selskap | Warner Bros, Rhino, Flashback | |
Produsent | Russ Titelman, Lenny Waronker | |
James Taylor-kronologi | ||
---|---|---|
Gorilla (1975) |
In the Pocket | Greatest Hits (1976)
|
Singlar frå In the Pocket | ||
|
In the Pocket er det sjuande studioalbumet til den USA-amerikanske songaren og låtskrivaren James Taylor og det siste han gav ut under Warner Bros. Records før han signerte for Columbia. Albumet kom ut i juni 1976 og vart spelt inn med mange kollegaer og vener av Taylor, som Art Garfunkel (i ein duett med han på «A Junkie's Lament» og vokal på «Captain Jim's Drunken Dream»), Carly Simon (kona til Taylor, som song harmonivokal med han på «Shower the People»), Stevie Wonder (som skreiv «Don't Be Sad 'Cause Your Sun Is Down» i lag med Taylor, ein song der han òg spelte munnspel) og David Crosby, Linda Ronstadt og Bonnie Raitt, blant fleire.
Resultatet av øktene, som fann stad mellom slutten av 1975 og byrjinga av 1976, var eit veldig melodisk album og eit av hans mest varierte og polerte, framheva med singelen «Shower the People», som gjennom åra vart ein Taylor-standard og konsertfavoritt. Songen vart gjeven ut som singel og nådde 22. plassen på Billboard den 18. september 1976, og gjekk til topps på Adult Contemporary-lista i USA. Trass i suksessen nådde ikkje In the Pocket opp til suksessen til det førre albumet til Taylor, Gorilla, og nådde berre 16. plassen på Billboard si albumliste (det var den lågaste plasseringa til Taylor på 1970-talet og den lågaste sidan debutalbumet). Likevel klarte det til slutt å selje til gullplate hos RIAA og vart ein fanfavoritt.
I 2008 vart albumet gjeve ut på ny på Rhino sitt lågbudsjettselskap Flashback.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Encyclopedia of Popular Music | [2] |
MusicHound | 2/5[3] |
Rolling Stone | (highly unfavorable)[4] |
The Rolling Stone Album Guide | [5] |
Alle songar av James Taylor, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Lengd |
---|---|---|
1. | «Shower the People» | 4:32 |
2. | «A Junkie's Lament» (duett med Art Garfunkel) | 3:27 |
3. | «Money Machine» | 4:35 |
4. | «Slow Burning Love» | 3:43 |
5. | «Everybody Has the Blues» | 2:01 |
6. | «Daddy's All Gone» | 3:38 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Woman's Gotta Have It» | Bobby Womack, Darryl Carter, Linda Cooke Womack | 4:20 |
8. | «Captain Jim's Drunken Dream» | 4:00 | |
9. | «Don't Be Sad 'Cause Your Sun Is Down» (med Stevie Wonder) | James Taylor, Stevie Wonder | 3:28 |
10. | «Nothing Like a Hundred Miles» | 3:35 | |
11. | «Family Man» | 3:34 |
Liste (1976) | Plassering |
---|---|
Australia (Kent Music Report)[6] | 65 |
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum |
|
Julealbum | |
Samlealbum |
|
Videoalbum |
|
EPar | |
Singlar | «Carolina in My Mind»
|
Andre songar | |
Tilknytte artiklar |
|