Greatest Hits Samlealbum av James Taylor | ||
Utgjeve | November 1976 | |
Innspelt | Desember 1969 til oktober 1976 | |
Sjanger | ||
Lengd | 43:42 | |
Selskap | Warner Bros. | |
Produsent | ||
James Taylor-kronologi | ||
---|---|---|
In the Pocket (1976) |
Greatest Hits | JT (1977)
|
Greatest Hits er den første samleplata til den USA-amerikanske songar-låtskrivaren James Taylor. Ho kom ut i november 1976. Så langt er dette det bestseljande albumet i karrieren hans.
Albumet vart til i samband med at platekontrakten til Taylor med Warner Records gjekk ut. Det inneheld nyinnspelte versjonar av «Carolina in my Mind» og «Something in the Way She Moves», som begge hadde vore på Taylor sitt sjølvtitulerte debutalbum i 1968. Plata inneheld òg ein tidlegare utilgjengeleg liveversjon av «Steamroller».[1]
Albumet nådde ikkje høgare enn 23. plassen på Billboard-albumlista då det først kom ut. Likevel selde det jamt gjennom åra og Greatest Hits har selt over 11 millionar eksemplar, som tyder at det har selt til 11x platinaplate og eit diamantalbum (for 10 millionar eksemplar).
I august 2012 gjekk albumet på nytt inn på Billboard 200-lista, på 15. plassen, noko som var ny rekord for albumet.
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [1] |
Christgau's Record Guide | C[2] |
MusicHound Rock | 3.5/5[3] |
The Rolling Stone Album Guide | [4] |
Musikkritikaren William Ruhlmann gav albumet ei positiv melding, og skreiv for AllMusic at det utgjer ei «rimeleg samling for ein artist som ikkje var spesielt godt definert av singlane sine». Samtidig som han åtvara om at utgivinga ikkje heilt viste «utviklinga» av låtskrivinga til Taylor, uttalte han at det framleis er «eit godt utval» av det tidlege arbeidet til artisten.[1]
Alle songane er skrivne av James Taylor, utanom der andre er nemnde.
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Something in the Way She Moves» (1976-versjonen) | 3:14 | |
2. | «Carolina in My Mind» (1976-versjonen) | 4:00 | |
3. | «Fire and Rain» | 3:26 | |
4. | «Sweet Baby James» | 2:55 | |
5. | «Country Road» | 3:26 | |
6. | «You've Got a Friend» | Carole King | 4:33 |
Nr. | Tittel | Låtskrivar(ar) | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Don't Let Me Be Lonely Tonight» | 2:39 | |
8. | «Walking Man» | 3:36 | |
9. | «How Sweet It Is (To Be Loved by You)» | Holland-Dozier-Holland | 3:39 |
10. | «Mexico» | 3:01 | |
11. | «Shower the People» | 4:01 |
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
Australia (ARIA)[9] | 3× Platina | 210 000^ |
Spania(PROMUSICAE)[10] | Gull | 50 000^ |
Storbritannia (BPI)[11] | Platina | 300 000^ |
USA (RIAA)[12] | 11× Platina | 11 000 000^ |
*salstala er basert på sertifiseringa aleine |
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum |
|
Julealbum | |
Samlealbum |
|
Videoalbum |
|
EPar | |
Singlar | «Carolina in My Mind»
|
Andre songar | |
Tilknytte artiklar |
|