Hjartdal kyrkje | |||
kyrkje | |||
Hjartdal kyrkje
Foto: Erlend Bjørtvedt | |||
Kyrkjesamfunn | Den norske kyrkja | ||
---|---|---|---|
Bispedøme | Agder og Telemark | ||
Prosti | Øvre Telemark | ||
Sokn | Hjartdal | ||
Fellesråd | Hjartdal | ||
Type | Krosskyrkje | ||
Arkitekt | Havor Høgkasin e. Jarand Rønjom | ||
Teknikk | Lafteverk | ||
Material | Tre | ||
Innvigd | 12. juli 1812 | ||
• Endringar | 1888, 1940–41, 1962 | ||
Klokker | 2: Ca. 1450 og 1924 | ||
Kyrkjegard | Ved kyrkja | ||
Preikestol | Preikestolaltar rekonstruert 1941 | ||
Døypefont | 1826 | ||
Altartavle | Bilete måla av Terje Grøstad 1962 | ||
Orgel | J.E. Spigseth, 2000 | ||
Sitjeplassar | 220 | ||
Hjartdal kyrkje 59°36′13″N 8°38′16″E / 59.603575°N 8.63784722°E | |||
Wikimedia Commons: Hjartdal kirke |
Hjartdal kyrkje er ei krosskyrkje i Hjartdal kommune i Telemark.
Kyrkja vart oppført av byggmeister Halvor Høgkasin etter same skjema som tre kyrkjer teikna av Jarand Rønjom (Åmotsdal kyrkje, Vinje kyrkje og Rauland kyrkje). Som i dei andre kyrkjene er det kor med preikestolaltar i austre krossarm, slik at sjølve kyrkjerommet er T-forma. Kyrkja vart teken i bruk i 1809, men vart ikkje formelt innvigd før 12. juli 1812. Kyrkjerommet fekk eit nygotisk preg i 1888, men vart restaurert i 1940–41. Då vart mykje av det umåla inventaret rekonstruert. Kyrkja fekk altarbilete måla av Terje Grøstad samt nytt Snertingdal-harmonium til 150-årsjubileet i 1962. Det siste vart bytta ut med eit Spigseth-orgel i 2000.
Aust for kyrkja står eit kombinert bårehus og servicebygg.
Foto: Nasjonalbibliotekets bildesamling