Haren | |
---|---|
![]() | |
Latinsk namn | Lepus |
Forkorting | Lep |
Genitivsform | Leporis |
Symbologi | Frå grekarane |
Rektasensjon | 6 h |
Deklinasjon | −20° |
Areal | 290 kvadratgrader nr. 51 av stjernebilda |
Stjerner sterkare enn mag. 3 |
2 |
Sterkaste stjerne | Arneb (α Lep) (2,59. mag.) |
Meteorsvermar |
|
Tilgrensande stjernebilde |
|
Synleg mellom breiddegradane +63° og −90° | |
Haren (frå latin Lepus) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula, like sør for himmelekvatoren og Orion. Sjølv om haren ikkje representerer noko figur i gresk mytologi, var Haren ein av dei 48 stjernebileta som var oppførte av Klaudios Ptolemaios på 100-talet, og i dag eit av dei 88 moderne stjernebielta.
Haren har fleire lyssterke stjerner, både single og doble. Alfa Leporis er den mest lyssterke stjerna i Haren og er ei kvit superkjempe med storleiksklasse 2,6, 1300 lysår frå jorda. Det tradisjonelle namnet, Arneb, som tyder «hare». Beta Leporis, kalla Nihal, er ei gul kjempe med storleiksklasse 2,8, 159 lysår frå jorda. Gamma Leporis er ei dobbeltstjerne ein kan sjå i ein kikkert. Hovudstjerna er ei gul stjerne med storleiksklasse 3,6, 29 lysår frå jorda. Sekundærstjerna er ei oransje stjerne med storleiksklasse 6,2. Delta Leporis er ei gul kjempe med storleiksklasse 3,8, 112 lysår frå jorda. Epsilon Leporis er ei oransje kjempe med storleiksklasse 3,2,[1] 227 lysår frå jorda. Kappa Leporis er ei dobbeltstjerne ein kan sjå i mellomstore amatørteleskop, 560 lysår frå jorda. Hovudstjerna er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 4,4 og den sekundære er ei stjerne med storleiksklasse 7,4.[2]
Det finst fleire variable stjerner i Haren. R Leporis er ein Mira-variabel, òg kalla «Hind-stjerna». Ho varierer i storleiksklasse frå 9,8 til 7,3med ein periode på 420 dagar. R Leporis ligg 1500 lysår unna. Ho har ein kraftig raudfarge som vert sterkare når stjerna vert lysare.[3] T Leporis er òg ein Mira-variabel som vart observert i detalj av ESO sitt Very Large Telescope-interferometer.[4] RX Leporis er ei halvregulær raud kjempe som har ein periode på to månader. Ho har ein minste storleiksklasse på 7,4 og ein største storleiksklasse på 5,0.[2]
Det finst eitt Messier-objekt i haren, M79. Det er ein kulehop med storleiksklasse 8,0, 42 000 lysår frå jorda. Han er ein av få kulehopar som er synlege på den nordlege hemisfæren om vinteren og er ein Shapley klasse V-hop, som tyder at han har middels tett konsentrasjon mot midten. M79 vart oppdaga i 1780 av Pierre Méchain.[5]