Gullfisken
Gullfisken
Gullfisken
Latinsk namn Dorado
Forkorting Dor
Genitivsform Doradus
Symbologi Namngitt av Bayer, spansk for eit gullfiskslag
Rektasensjon 5 h
Deklinasjon -60°
Areal 179 kvadratgrader
nr. 72 av stjernebilda
Stjerner sterkare
enn mag. 3
Ingen
Sterkaste stjerne α Dor (3,27. mag.)
Meteorsvermar

Ingen

Tilgrensande
stjernebilde
Synleg mellom breiddegradane +20° og −90°

Gullfisken (frå latin Dorado) er eit stjernebilde på den sørlege himmelhalvkula. Det inneheld størstedelen av den store magellanskya, ein galakse som òg finst i stjernebildet Bordet.

Gullfisken var ein av tolv stjernebilde som Pieter Dirkszoon Keyser og Frederick de Houtman laga og gav namn til mellom 1595 og 1597. Han blei først skildra i Johann Bayer si Uranometria i 1603.

Kjende objekt

Stjernebiletet Gullfisken slik det er for det nakne auga.

Stjerner

Alfa Doradus er ei blåkvit stjerne med storleiksklasse 3,3, 176 lysår from jorda. Ho er den mest lyssterke stjerna i Gullfisken. Beta Doradus er ein lys kefeide. Ho er ei gulfarga superkjempestjerne med ein minste storleiksklasse på 4,1 og ein største storleiksklasse på 3,5. Beta Doradus ligg 1040 lysår from jorda og har ein periode på 9 dagar og 20 timar.[1]

R Doradus er ein av mange variable stjerner i Gullfisken. S Dor er ein hypergiant i Den store magellanske skya, og er prototypen påS Doradus-variabel-stjerner. Den variable stjerna R Doradus har den største tilsynelatande storleiken til alle kjende stjerner.[2] Gamma Doradus er prototypen på Gamma Doradus-variabel-stjerner.

Supernova 1987A var den næraste supernovaen som har skjedd etter teleskopet vart funnen opp. SNR 0509-67.5 er restane av ein uvanleg energirik supernova type 1a for kring 400 år sidan.

HE 0437-5439 er ei hypersnøgg stjerne som rømer frå Mjølkevegen/den magellanske skya.

Gullfisken er òg staden der den sørlege ekliptikkpolen ligg. Polen vart kalla Polus Doradinalis av Willem Jansson Blaeu.[3]

Djupromsobjekt

Sidan Gullfisken inneheld delar av Den store magellanske skya, har ho mange djupromsobjekt. Den store magellanske skya er 1 000 lysår i diameter og er ein satellittgalakse til Mjølkevegen, kring 179 000 lysår unna. Ho har blitt deformert av gravitasjonsvekselverknad med den større Mjølkevegen. I 1987 oppstod supernovaen SN 1987A her i 1987, den næraste jorda sidan 1604.[4] Denne 25 000 lysår breie galaksen har over 10 000 millionar stjerner.[1] Alle koordinatane er gjeven for Epoke J2000.0.

NGC 1566 er ein mellomstor spiralgalakse.[5]

Kjelder

  1. 1,0 1,1 1,2 Ridpath & Tirion 2001, s. 140-141.
  2. «R Doradus». SIMBAD. Henta 13. juni 2016. 
  3. Staal 1988, s. 244.
  4. Wilkins, Jamie; Dunn, Robert (2006). 3,0 Astronomical Objects: A Visual Reference to the Universe (1st utg.). Buffalo, New York: Firefly Books. ISBN 978-1-55407-175-3.  |access-date= requires |url= (hjelp)
  5. «Grand swirls». Picture of the Week. ESA/Hubble. Henta 6. juni 2014. 
  6. Wilkins & Dunn 2006.

Bakgrunnsstoff

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Gullfisken