Gunnvor og Gunvor er skandinaviske kvinnenamn avleidd frå norrøne Gunnvǫr, som er sett saman av namnedelane gunnr, 'strid' og kanskje várr, 'var, forsiktig'. Gunvor har namnedag i Sverige den 3. mars og i Noreg den 3. april.
Namnet finst som Gunvar på runesteinar, og blei igjen teke i bruk i Skandinavia på 1800-talet.
Gunvor var eit mykje brukt namn for norske jentebarn på 1910- og 1920-talet, då det blei brukt for rundt 1,2 % av jentebarn.
I 2009 var det 5 596 kvinner som heitte Gunvor og 702 som heitte Gunnvor i Noreg.