Gunvor Gjessing | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 24. juni 1932 |
Død |
8. mai 2019 (86 år) |
Yrke | journalist |
Gunvor Gjessing (24. juni 1932–8. mai 2019[1][2]) var ein norsk journalist, fødd i Saltdal som Gunvor Rusånes.
Ho var utdanna med mellomfag i engelsk og fransk språk ved Universitetet i Oslo. Frå 1960 var ho tilknytt avisa Aftenposten, der ho arbeidde med kulturstoff, mellom anna som filmkritikar. Ei periode var ho óg styremedlem i Norsk filmkritikerlag.
Ho gav ut ei bok som tek for seg historia til A/S Rusaanes Snekkerifabrikk, som tilhørde familien hennar.[2] Fabrikken eksisterte frå 1887 til 1972. Føretaket låg ved Rusånes i Saltdal, ein liten stad i Nordland fylke.
Gunvor Gjessing budde saman med mannen Ketil Gjessing på Sagene i Oslo til ho døydde i 2019.[2][1]