For andre tydingar av oppslagsordet, sjå Fylkesveg 60 (fleirtyding).
Fylkesveg 60
60
Strekning
Blindheim i Ålesund – Byrkjelo i Gloppen
Fylkesveg 60
Informasjon
Lengd 160,7 km
Status fylkesveg
Ferjestrekningar 1
Tilstøytande vegar
Fylkesveg 60 Fylkesveg 60
650 via ferje

Fylkesveg 60 (Fv60) går mellom Blindheim i Ålesund og Byrkjelo i Gloppen. Vegen er ein viktig alternativ veg til E39 mellom Ålesund og Byrkjelo (og vidare med E39 til Bergen). Fv 60 har berre ei ferje medan E39 har to. Veglengda (bortsett frå ferjestrekninga og felles trasé med riksveg 15) er 160,7 km, av dette 82,3 km i Møre og Romsdal og 78,4 km i Vestland. Vegen har ei ferjestrekning (Magerholm-Ørsneset) og dessutan tilknyting til 650 via ferje Stranda-Liabygda. I sommarhalvåret er det tilknyting til 63 med turistferje på Geirangerfjorden.

Før 1. januar 2010 var vegen riksveg, etter at forvaltingsreforma trødde i kraft har han status som fylkesveg.

Historie

[endre | endre wikiteksten]

Vegen mellom Stranda og Hellesylt (Ljøvegen) vart opna i september 1962 og gav ferjefri veg mellom Stranda, Hellesylt og Hornindal.[1] Før heilårsvegen Stryn-Grotli (riksveg 15) vart opna, gjekk trafikken vinterstid frå indre Nordfjord til Austlandet via Hellesylt-Stranda-Sykkylven og vidare til Åndalsnes. Ferjesambandet Hellesylt-Stranda vart lagt ned våren 1963.[2] Etter opning av Kvivsvegen er det også ferjefritt samband mellom Stranda/Sykkylven og Ørsta/Volda. Dagens fylkesveg mellom Byrkjelo og Stranda følgjer stort sett same trase som Den trondhjemske postvei oppretta på slutten av 1700-talet.

Kommunar og knutepunkt

[endre | endre wikiteksten]

Møre og Romsdal

[endre | endre wikiteksten]
Ålesund
Sykkylven
Stranda
Hellesylt
Gamle Horndøla bru, Hornindalsrokken i bakgrunnen
Volda
Fv 60 gjennom Markane i Stryn
Loen. Fv 60 går langs fjorden (òg i bakgrunnen).

Vestland

[endre | endre wikiteksten]
Stryn
Gloppen

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]


Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Sunnmørsposten 20. desember 2012, s.3.
  2. Torvik, Arne Inge: Om samferdsel i Møre og Romsdal. Molde: MRF, 2000.