Frakk er eit kne- eller fotsidt klesplagg som dekker overkroppen og er meint for utandørsbruk. Det finst frakkar i ulike lengder, nokre som går ned til livet, nokre som går ned til knea og nokre som går ned til anklane. Frakkar er ofte av tjukt, varmt, grovt tekstil, har knappar, krage eller hette og lange erme. Dagens ytterfrakkar utvikla seg frå kapper og skøytefrakkar på 1600-, 1700- og 1800-talet.
Med frakk tenkjer ein i dag vanlegvis på ein mannsfrakk, gjerne som eit finare klesplagg (herrekåpe eller overfrakk) utanpå til dømes dress. Snittet og materialane kan variera etter klesmoten eller bruksområdet, til dømes som regnfrakkar, lagerfrakkar eller vinterfrakkar.
Korte frakkar som rekkjer til livet eller låra kallar ein jakke. Eit liknande, sidt klesplagg for kvinner er kåpe.
Ordsoge
Det norske ordet frakk kjem etymologisk frå franskfrac via tysk Frack og dansk frakke.[1] Ordet viste opphavleg til klesplagg med lange skøytar for menn, til dømes diplomatfrakk.[2] Ordet blir no brukt på norsk mest i tydinga «overfrakk», men på svensk blir frack brukt om snippkjole. På svensk kallar ein gjerne ytterfrakk for ytterrock, överrock eller berre rock. Oå engelsk kan frakk omsetjast med overcoat, topcoat og coat.
Typar
Det finst ei lang rekkje frakketypar som har ulik utforming og er meint for ulik bruk. Dette gjeld både lette, kortare variantar av tynt stoff og tunge, side frakkar med fôr. Døme er legefrakk, lagerfrakk, labfrakk, uniformsfrakk og pelsfrakk. Frakkar, kappar og anna langt overtøy var vanlegare før enn no, og snitt, materialval, fargar og dekor har variert stort gjennom drakthistoria.
Frakkar har gjerne ein pynta krage som liknar dei nedfelte, ofte breia kragane og slaga på dressjakker. Frakkar, på same måte som jakker og vestar, kan vera enkelt- eller dobbeltknappa, og kan òg utstyrast med spensel, det vil seia ein stramestropp med spenne eller knapp, i ryggen. Frakkar kan òg ha belte.
Variantar
Lista viser eit utval av ulike typar side ytterplagg for menn og kvinner, særleg gamle og historiske. I vestleg mote har det vore ei mengd plagg med internasjonale namn basert på særleg fransk, engelsk og tysk.
Attila (husarka eller husarjakke), uniformsjakke pynta med tette rader av snorer
Biguèche, (bigesch), lissebesett våpenfrakk
Bonjour, knesid, dobbelspent formiddagsfrakk for herrar
Diplomatfrakk, dobbelspent herrefrakk med søm i livet og skøytar
Dolman, uniformsjakke med lisser eller gammaltyrkisk frakk
Duffelcoat, kort, ullen frakk med hette og lukka med hemper og pinnar
Justaucorps, knelang, kragelaus, ettersitjande mannsfrakk eller livkjole som kom på moten i Frankrike i 1680-åra, var vanleg på 1700-talet og blei brukt over knebukser og vest
Pelisse, kort uniformsjakke med pels og snorer og dessutan sid kvinnefrakk
Pjekkert (losjakke) dobbeltknappa, opphavleg mørk blå, kort frakk av tjukt stoff
Raglan, overfrakk av regntett material med erme klipte og sydd i eitt med skulderen (kileformet skulderparti), brukt i Storbritannia frå 1850-talet
Redingot, dobbeltknappa livkjole eller bonjourfrakk (diplomatfrakk) eller kåpe, rettskoren framme, vanlegvis av svart ulltøy med silkeslag
Regnfrakk
Skøytefrakk, sid frakk med lange skaut (snippkjole, bonjour, redingot eller diplomatfrakk)
Sjakett eller jakett, enkeltspent mørk herrejakke eller frakk med skaut som er avrunda framme
Sutan, fotsid kvardagsfrakk for katolske prestar
Surtout, lang, smal livkjole eller overfrakk, sid bonjour, offisersfrakk
Swagger, vid damefrakk utan belte
Trenchcoat, impregnert frakk av bomullsgabardin med skulderstroppar og belte, opphavleg militær «skyttargravsfrakk» laga av det engelske firmaet Burberry under første verdskrigen
Tulupp, lang køyrefrakk med pelsfôr
Ulanka, våpenfrakk for ulanar (polske ryttersoldater væpna med lanse)
Ulster, lang, vid overfrakk av tjukt ullstoff, opphavleg framstilt i Ulster i Irland
Galleri
Fiskar i tradisjonell oljehyre med blant anna sid regnfrakk, sydvest og gummistøvlar. Frå ei utstilling i Belgia.
Unge norske menn i frakk kring 1958 under konfrontasjonen til politiet med vitne i Torgersen-saka. Den seinare drapsdømde Fredrik Fasting Torgersen i midten.