European Border Breakers Awards (EBBA) er ein pris som heidrar ti nye artistar eller grupper som nådde publikum utanfor sitt eige land med det fyrste internasjonalt utgjevne albumet sitt det siste året.
Prisen vart lansert av Europakommisjonen og er ein EU-pris. Nominasjonane og prisutdelingane vert arrangert av Noorderslag Foundation.
Artistane eller gruppene som er nominerte til prisen er valde på grunnlag av fylgjande kriterium:
Sidan 2010 har det vore halde ei røysting på Internett som avgjer kven som vinn Public Choice Award (Publikumsprisen).
Sidan 2009 har prisutdelinga funne stad kvart år i januar, under Eurosonic Noorderslag-festivalen i den nederlandske byen Groningen, presentert av BBC-programleiar og musikar Jools Holland. Vinnarane opptrer live under showet og tidlegare vinnarar vert invitert til å opptre att. Showet vert kringkasta av NET3.
European Border Breakers Awards var eit initiativ frå Europakommisjonen i 2004. Europakommisjonen ynskte å stimulere grensekryssande sirkulasjon av populærmusikk og markere det store musikalske mangfaldet i Europa. Prisen vert støtta gjennom kulturprogrammet til Den europeiske unionen.