Europakommisjonen er EU sitt fremste utøvande organ, og er den einaste institusjonen i EU som kan føre eit lovforslag i pennen. I tillegg har han også enkelte lovgivande funksjonar, som å kontrollere at medlemslanda rettar seg etter dei ulike EU-traktatane.
Kvar av kommissærane har ansvar for eit bestemt politisk område. Presidenten blir vald av Det europeiske råd, og blir godkjent av Europaparlamentet. Dei resterande kommissærane blir valde av regjeringane i kvar enkelt medlemsstat i samsvar med presidenten. Kommissærane skal representere heile unionen, og har slik sett ikkje lov å motta instruksjonar frå sitt eige land sine myndigheiter.
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. (2023)