Cordiner Peaks | |||
fjell | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Topp | Queen Elizabeth Land | ||
- koordinatar | 82°48′S 53°30′W / 82.800°S 53.500°W | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Cordiner Peaks 82°48′S 53°30′W / 82.8°S 53.5°W | |||
Cordiner Peaks er ei gruppe fjelltoppar som strekkjer seg over eit område på 6 nautiske mil, og ligg 8 nautiske mil sørvest for Dufek Massif nord i Pensacolafjella. Dei vart oppdaga og fotografert den 13. januar 1956 under ein transkontinental flytur av mannskapet på U.S. Navy Operasjon Deep Freeze I frå McMurdo Sound til Weddellhavet og attende. Dei vart namngjevne av Advisory Committee on Antarctic Names etter kaptein Douglas L. Cordiner i U.S. Navy som var observatør under flyturen. Heile Pensacolafjella vart kartlagde av US Geological Survey i 1967 og 1968 frå landmålingar og frå flyfoto tekne i U.S. Navy i 1964.[1]
Denne artikkelen inneheld stoff som er offentleg eige frå United States Geological Survey-artikkelen «Cordiner Peaks» (innhald frå Geographic Names Information System).