Queen Elizabeth Land | |||
region | |||
Land | Antarktis | ||
---|---|---|---|
Koordinatar | 84°S 49°W / 84°S 49°W | ||
Areal | 437 000 km² | ||
Administrert under | Antarktistraktaten | ||
Queen Elizabeth Land 84°S 49°W / 84°S 49°W | |||
Wikimedia Commons: Queen Elizabeth Land |
Queen Elizabeth Land er den delen av Antarktis som ligg sør for Weddellhavet mellom 20 °V og 80 °V, og strekkjer seg frå Filchner-Ronne isbrem til Sørpolen.[1] Dette området hadde ikkje offisielt namn før 2012, men det meste av området vart uoffisielt kalla Edith Ronne Land i 1947–68.[2]
I høve eit besøk av dronning til Det britiske utanriksdepartementet i London den 18. desember 2012, vart det annonsert at det var eit 437 000 km² stort område i Britisk Antarktis som hadde fått namnet Queen Elizabeth Land etter dronninga.[3]
Queen Elizabeth Land er nesten dobbelt så stort som Storbritannia[3] og i røynda ein sektor av Antarktika, med spissen av sektoren ved Sørpolen. Sektoren grensar i nord til Filchner-Ronne isbrem, i nordaust til Coats Land, i aust til Dronning Maud Land og strekkjer seg vestover til ei linje mellom Sørpolen og Rutfordstraumen, aust for Constellationfjorden.[4][5][6] Pensacolafjella, som vart oppdaga i januar 1956, strekkjer seg 450 km frå nordaust til sørvest, sentralt i området.[7]
Argentina, som med Argentinsk Antarktis har kravområde som overlappar Britisk Antarktisk, kritiserte namngjevinga og kalla det eit «systematisk åtak» og skildra det som ein «provokasjon» etter den nylege spaninga mellom dei to landa om Argentina sitt krav om Falklandsøyane, som tilhøyrer Storbritannia.[8] Ikkje dess mindre peikte The Guardian på at verken Storbritannia, Argentina eller Chile (som har overlappande kravområde med Chilensk Antarktis) har klart å få global anerkjenning for territorialkrava sine i Antarktis.[9]