Fjorten songar vart valde ut til å delteke. Songane vart valde ut av ein jury og frå ein meiningsmåling på Internett. 31 EBU-medlemsland kringkasta showet og fjernsynssjåarane og juryar frå desse landa kunne vere med på å røyste fram vinnaren. Showet vart ikkje kringkasta i Storbritannia, Italia og Frankrike. Det vart registrert om lag 2,5 millionar røyster.
I samband med arrangementet gav EBU ut to CD-ar med Eurovision Song Contest-songar frå dei 50 føregåande åra. To DVD-er med originale Eurovision Song Contest-framføringar av desse songane vart òg utgjeve.
I juni 2004 kunngjorde EBU at det ville verte halde eit show for å feire 50 årsjubileet til Eurovision Song Contest. Arrangementet skulle haldast 16. oktober 2005 i Royal Albert Hall i London. Det var den britiske kringkastaren BBC som skulle arrangere showet. Royal Albert Hall var truleg utilgjengeleg, så i august 2004 kunngjorde EBU at Danmarks Radio (DR) skulle arrangere showet i staden. Overoppsynsmannen til Eurovision Song Contest, Svante Stockselius, sa at Danmark sin tidlegare erfaring med å arrangere Eurovision-show, Eurovision Song Contest 2001 og Junior Eurovision Song Contest 2003, var innflytelsesrikt i valet til EBU.
Arrangementet fekk kodenamnet Extravaganza. 25. oktober 2004 vart København bekrefta som vertsby for arrangementet, som nå var planlagt å finne stad 22. oktober 2005. I mai 2005 vart Congratulations bekrefta som det offisielle namnet på showet. En månad seinare kunngjorde DR at Forum København skulle vere arena. 9. september 2005 annonsert DR at Katrina Leskanich og Renārs Kaupers skulle vere programleiarar. Leskanich var vokalist i Katrina and The Waves, som vann tevlinga for Storbritannia i 1997. Kaupers er vokalist i den latviske gruppa Brainstorm, som representerte Latvia då dei debuterte i 2000. Han var òg programleiar for tevlinga i 2003 då han vart arrangert i den latviske hovudstaden Riga.