Barbra Ring

Statsborgarskap Noreg
Fødd 4. juli 1870
Drammen kommune
Død

6. mai 1955 (84 år)
Oslo

Yrke skribent, litteraturkritikar, biograf, barnebokforfattar
Born Gerda Ring
Barbra Ring på Commons
Barbra Ring fotografert av Ernest Rude i 1920, etter at mannen, oberst Ragnar Rosenquist, døydde.

Barbra Mathilde Ring (fødd 4. juli 1870 i Drammen, daud 16. mai 1955 i Oslo) var ein norsk forfattar. I dag vert ho kanskje best hugsa for novella «Ittno' knussel», juleforteljinga om den rike, bryske og varmhjarta enka Marte Svennerud.

Familie

[endre | endre wikiteksten]

Barbra Ring var dotter av Ole Ring og Thora Augusta Ravn. Ole Ring var dotterson av forfattaren Hanna Winsnes. I 1890 gifte Barbra Ring seg med Thorvald August Kirsebom. Dei fekk dottera Gerda Ring saman i 1891. I 1902 vart ekteparet skilt, og i 1917 gifta Barbra Ring seg på nytt med Ragnar Rosenquist.

Litterær karriere

[endre | endre wikiteksten]

Ho debuterte i 1904 med Babbens dagbok. Boka bygde på eigne barndomsminne. Ho vart godt motteken som ei historie sett med barneauge - eit brot med den moraliserande barnelitteraturen i samtida. Ring skreiv barnebøker, bøker for «unge piger» og romanar for vaksne. Ho var òg bidragsytar til ei rekkje utgåver av årboka Humør. I Nytt norsk forfatterleksikon vert forfattarskapen hennar for vaksne karakterisert som «en lang rekke romaner og fortellinger fra østnorsk storgårds-liv, de fleste uten noen varig verdi». I Norsk biografisk leksikon står det derimot at forfattarskapen hennar er ujamn, men at «de beste er både gripende og troverdige psykologisk sett og interessante på grunn av sine formeksperimenter».[1] Barnebøkene hennar om Peik og Fjellmus har uansett fått eit lengre liv enn vaksenromanane. I hennar eiga samtid vart bøkene til Ring omsette til ei rekkje språk.

Ho var styremedlem i Den norske Forfatterforening og frå 1929 litteraturkritikar i Nationen.

Bibliografi

[endre | endre wikiteksten]
Rædharen av Barbra Ring. Utgjeve av Det Mallingske bogtrykkeri, Kristiania (1913). Boka inngår i Hadeland Folkemuseums samling. Kjelde: www.digitaltmuseum.no

Udaterte utgjevingar

[endre | endre wikiteksten]

Artiklar av Barbra Ring

[endre | endre wikiteksten]

(utval)

Omsetjingar

[endre | endre wikiteksten]


Kjelder

[endre | endre wikiteksten]
  1. Hareide, Jorunn (28. september 2014). «Barbra Ring». Norsk biografisk leksikon (på norsk). 
Denne artikkelen treng fleire referansar for verifikasjon. Du kan forbetra denne artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningene/påstandene som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden. Malen blei sett inn 2019