Aylar Lie
Fødenamn Aylar Dianati Lie
Verkeleg namn آیلار لی
Alias Dianna Lie
Princess Diana
Statsborgarskap Iran, Noreg
Fødd 12. februar 1984 (40 år)
Teheran
Yrke songar, modell, filmskodespelar, pokerspiller, pornoskodespelar, skodespelar, fotomodell, filmregissør
Språk persisk, norsk, engelsk

Aylar Lie (fødd 12. februar 1984 i Teheran), opphavleg Sharareh Dianati, er ein norsk undertøysmodell (omtalar ofte seg sjølv som glamourmodell).

Lie har også spelt inn nokre pornoscener i 2002 og 2003 under forskjellige alias, bl.a. «Princess Diana». Lie blei kasta ut av finalen i Frøken Norge i august 2004 då pornofortida hennar kom for dagen. Ein av dei første modelljobbane hennar i Noreg var i bladet Vi Menn, nr. 39/2002, under namnet Sha Dianati.

Ho hadde også ei gjesteopptreden i realityserien Big BrotherTVNorge i 2005. Ho blei send inn i Big Brother-huset for å gjere deltakaren Elita Löfblad sjalu på meddeltakaren Klas Andersen. Oppdraget vart svært vellukka, og Lie forlet huset igjen etter berre fire dagar. Hausten 2005 lanserte Lie sitt eige team av glamourmodellar, kalla «Team Aylar». Med-deltakaren frå Big Brother, Elita Löfblad, var ein av modellane.

I 2006 gav Aylar ut ein singel med sin versjon av Sabrina-songen «Boys Boys Boys».

Lie var student i 2009 og 2010.

Ho deltok i TV2 sin dansekonkurranse Skal vi danse, der ho saman med dansepartnar og trener Egor Filipenko dansa seg heile vegen til finalen og fekk andreplass med 112 poeng mot Åsleik Engmark med 115 poeng.

Venleikskonkurransar

[endre | endre wikiteksten]

Filmar

[endre | endre wikiteksten]

Deltaking

[endre | endre wikiteksten]
Denne artikkelen treng referansar for verifikasjon. Du kan forbetra artikkelen ved å leggja inn referansar til pålitelege kjelder. Kven som helst kan fjerna kjeldelaust materiale utan forvarsel, men den føretrekte tilnærminga er i første omgang å markera dei setningane/påstandane som treng kjeldebelegg ved å tilføya ((tr)) etter påstanden.