Anna Anka

Statsborgarskap Sverige, Folkerepublikken Polen
Fødd 28. april 1971 (53 år)
Polen, Folkerepublikken Polen
Yrke skodespelar, journalist, modell, venleikstevlingsdeltakar
Språk svensk, engelsk
Ektefelle ukjend verdi, Paul Anka
Nettstad http://annaanka.com/
Anna Anka på Commons

Anna Anka (fødd 28. april 1971 i Folkerepublikken Polen) er ein polsk-svensk-amerikansk skodespelar og fotomodell.

Anna Anka vart oppdaga i svenske medium i 2009 som deltakar i realityserien Svenska HollywoodfruarTV3. Anka var frå 2008 til 2010 gift med songaren Paul Anka og budde i Beverly Hills i Los Angeles i USA. 25. september 2009 var Anna Anka gjest i Skavlan som vert sendt både i Sverige og Noreg, og vart dermed kjent òg for eit norsk publikum.

Anka vart fødd i Folkerepublikken Polen (no Republikken Polen), der mora døydde under fødselen. Ho kom på barneheim, og vart då ho var tre år adoptert av ein familie frå Bjuv i Skåne i Sverige.

I 2011 var ho å sjå i ein norsk fjernsynsreklame for Coop Prix. Ho kom på sjetteplass i den sjuande sesongen av Skal vi danseTV 2.

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]