Anne-Sophie Mutter fekk fiolinundervisning frå ho var berre fem år gamal, og vann ei musikktevling etter eit halvt år med fiolintimar. Etter dette hadde ho klårt for seg at ho ville utdanna seg til fiolinist. Grunna musikktalentet hennar vart ho teken bort frå vanleg skulegang og gjekk på privatskule ved sida av klaver- og fiolinundervisinga. Ho var inspirert av opptak av Yehudi Menuhin og Wilhelm Furtwängler, og byrja læra av Erna Honigberger, ein tidlegare elev av Carl Flesch. Etter at Honigberger døydde fekk ho undervising av Aida Stucki ved Winterthur konservatorium.[1][2]
Ho debuterte offentleg som trettenåring ved Luzernfestivalen i 1976, der ho spelte fiolinkonsert nummer 4 i D-dur av Mozart. Her vart ho oppdaga av dirigenten Herbert von Karajan, som vart mentoren hennar. I 1977 vekte ho oppsikt på Festspela i Salzburg, der ho framførte Mozarts G-dur-konsert dirigert av von Karajan.[3][4] Deretter vart ho invitert til å spela med Berlin Filharmoniske Orkester som hadde Karajan som dirigent på denne tida. Ho spelte også med English Chamber Orchestra dirigert av Daniel Barenboim. Mutter gjorde si fyrste innspeling, av den tredje og femte fiolinkonserten til Mozart, med Karajan og Berlinfilharmonien, då ho var 15.[1]
I 1980 spelte ho for fyrste gong i Amerika med New York Filharmoniske Orkester under dirigenten Zubin Mehta.
I 1985, då ho var 22, vart ho utnemnd til honorary fellow ved Royal Academy of Music i London, leiar for fakultetet for internasjonale fiolinstudium og i 1986 honorary member.[5] I 1988 turnerte ho i Canada og USA, der ho spelte i Carnegie Hall for fyrste gong. I 1998 spelte ho inn dei komplette fiolinsonatene til Beethoven, akkompagnert av Lambert Orkis; desse vart kringkasta på fjernsyn i fleire land og gjevne ut på CD og DVD.
Mutter eig to Stradivarius-fiolinar: Emiliani frå 1703 og Lord Dunn-Raven Stradivarius frå 1710.[10][11] Ho eig også ein Finnigan-Klaembt-fiolin frå 1999 og ein Regazzi frå 2005.[12]
Medan Mutter har mange klassiske verk på repertoaret, er ho også kjend for framføringar av samtidsmusikk. Det er laga fleire stykke spesielt for henne eller tileigna henne, mellom anna Sur le même accord av Henri Dutilleux, Krzysztof Penderecki sin andre fiolinkonsert, Chain 2 og orkesterversjonen av Partita av Witold Lutosławski og Gesungene Zeit av Wolfgang Rihm. I august 2007 stod ho for urpremieren av Sofija Gubajdulina sin fiolinkonsert nummer 2 In tempus praesens.
↑Haga, Sverre Gunnar (22. mai 1998). «Mutter priser Grieghallen». Dagbladet.no (på norsk). Henta 2. mars 2019. «Mutter var en sensasjon da hun som 13-åring dukket opp som solist under Salzburg-festivalen med Herbert von Karajan i 1977. Hun er en legende allerede nå som 34-åring.»
↑«Taking Bows». Washington Post. 15. januar 1980. «She met Von Karajan after playing with her brother at the Lucerne Festival in 1976. "Von Karajan was told by other musicians, 'You must hear this young musician,' and he invited her to come to Berlin and play for him." She played Bach's chaconne, "one of the hardest."»
↑Kjemtrup, Inge (January 2006). «Goddess with a Gift». Strings (135). «Every tragedy, or every really wonderful moment in your life, changes you as a person, and hopefully makes you a better person, more sensible, more sensitive, more caring — more thankful for life.»
↑Davies, Hugh (5. august 2002). «Wife No 5 for Andre Previn as he marries violin virtuoso». The Telegraph (på engelsk). ISSN0307-1235. Henta 2. mars 2019. «Earning as much as £36,000 per performance, Mutter, who was discovered at 13 as the heir to Yehudi Menuhin, is noted for being adopted by father figures in contemporary music from Herbert von Karajan to Mstislav Rostopovich.»
↑«Encore, maestro». The Telegraph (på engelsk). 10. august 2002. ISSN0307-1235. Henta 1. mars 2019. «It was 72-year-old Previn's fifth wedding, and it took his life full circle. Or at least back to the country he was born in.»
↑Stamets, Russell (6. mai 1990). «Classical beauty in all forms». Tampa Bay Times (St. Petersburg, Florida). s. 71. Henta 22. mai 2020 – via Newspapers.com.