Anne-Cath. Vestly | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 15. februar 1920 Rena |
Død |
15. desember 2008 (88 år) |
Yrke | skodespelar, skribent, omsetjar, barnebokforfattar |
Språk | norsk |
Far | Mentz Schulerud |
Ektefelle | Johan Vestly |
Anne-Cath. Vestly på Commons |
Anne Catharina Vestly (15. februar 1920–15. desember 2008), meir kjend som Anne-Cath. Vestly, var ein norsk barnebokforfattar og skodespelar, fødd på Rena i Østerdalen.
Anne-Cath. Vestly opplevde ein barndom med mykje flytting, noko som går igjen i mange av bøkene hennar. Ho skildrar seg sjølv som eit sjenert barn som vart modig berre ho fekk opptre. Etter kvart vart draumen hennar å bli skodespelar.
Vestly laga sine eigne små kabaretprogram som ho oppførte i privatheimar under den andre verdskrigen. Ho blei lagd merke til, og kom med i Studioteateret som starta etter krigen.
Etter å også ha underhalde på tivoli, byrja Anne-Cath. Vestly å skriva høyrespel for barn for NRK. I 1952 byrja ho å sjølv lesa tekstane sine i Barnetimen for dei minste. Forteljingane blei til ei rekkje bøker som ho gav ut frå 1950- til 2000-talet.
Anne-Cath. Vestly døydde i Mjøndalen i Nedre Eiker.
Ho fortalde historier om dagleglivet til små barn på ein levande, barnleg måte, som gjorde at både små og store vart gripne av det ho fortalde. Men forteljingane hennar er ikkje berre kos. Dei skildrar samfunnet slik det er, og tek for seg mykje av det barn strir med i kvardagen, som syskensjalusi, det å mista ein forelder, eller å vera redd for at det skal bli krig.
Nokre av emna vekte reaksjonar. Då Ole Aleksander fekk ei lillesøster og foreldra forklarte at ho kom frå magen til mora, var det mange som vart sinte for at ho lærte ungane slik «styggedom». Det var òg mange som ikkje likte at ho skildra ein heimeverande far og ei mor med karriere i bøkene om Aurora.
Anne-Cath. Vestly sine hovudpersonar er for det meste barn under skulealder, med unntak av Mormor, som har gått igjen i fleire seriar. Ho byrja med å fortelja om vesle Ole Aleksander som budde i eit høghus i Oslo, men flytte snart handlinga ut av «Den store byen». Vestly-universet dreier seg rundt Tiriltoppen, ein oppdikta drabantby utanfor hovudstaden, men handlinga kan òg gå føre seg på Gampetreff og Vetleby på Austlandet, Fabelvik i Nord-Noreg, eller verkelege stader, som Amsterdam og Lagos.
Sjølv om forfattarverksemda vart viktigare, gav ikkje Anne-Cath. Vestly heilt opp med skodespelet. Ho laga fjernsynsserien om Kanutten saman med mannen Johan Vestly, der Alf Prøysen òg var med som Romeo Clive. Seinare spela ho Mormor i filmatiseringane av bøkene om dei åtte ungane. Ho brukte kanskje òg skodespelarteknikk når ho lærte seg å spela fiolin for å kunna skriva om Guro og fiolinen, eller når ho reiste til Island for at Mormor òg skulle kunna reisa dit.
(Desse hefta kom ut på Tiden Norsk Forlag i både bokmåls- og nynorskutgåver.)