Espen Lind

Fødd13. mai 1971 (53 år)
FødestadTromsø kommune
OpphavNoreg
Aktiv1995–
Sjangerpop
Instrumentgitar, vokal
PlateselskapUniversal Music Group
Verka somsongar, låtskrivar, plateartist
Sambuar medHanneli Mustaparta
PrisarSpellemannprisen for årets popsolist, Årets spellemann, Spellemannprisen for årets artist, Spellemannprisen for årets hit

Espen Lind (fødd 13. mai 1971) er ein norsk artist, låtskrivar og produsent frå Tromsø. Han flytta til Oslo i 1990-åra, men er no busett i Son utanfor Moss. Han har gjeve ut fem soloalbum og vunne fem spellemannprisar, og blant anna vart han kåra til «Årets spellemann» i 2008.

Solokarriere

[endre | endre wikiteksten]

Han debuterte under artistnamnet Sway med musikkalbumet Mmm ... Prepare To Be Swayed i 1995, men fekk det store gjennombrotet under eige namn då han i 1997 erobra Europa med singelen «When Susannah Cries», frå albumet Red. Låten låg som topp 10 i til saman elleve land, og var den låten som vart mest spelt på norsk radio i 1997. Lind mottok tre prisar under Spellemannprisen 1997: Årets popsolist, Årets låt og Årets artist. Han fekk dessutan Gammleng-prisen i popklassa i 1998.

I 2000 kom albumet This Is Pop Music som mottok relativt bra kritikkar, men som samanlikna med det førre albumet skuffa kommersielt. Den internasjonale utgåva av albumet inneheldt òg duetten «Where The Lost Ones Go» med Sissel Kyrkjebø, som i Noreg var med på Kyrkjebø sitt soloalbum All Good Things.

I 2005 dukka Espen Lind opp i rampelyset igjen med albumet April, etter fire år som plateprodusent. Den første singelen frå plata, «Unloved», gjekk rett inn på førsteplass på VG-lista, og vart liggjande på lista i 13 veker.

Soloalbumet Army Of One vart utgjeve 23. juni 2008 og hadde per 29. august 2008 passert femti tusen selde eksemplar. Under Spellemannprisen 2008 vart han kåra til «Årets spellemann».

Låtskrivar/produsent

[endre | endre wikiteksten]
Espen Lind på Nordkjosmessa 2007

Espen Lind driv produksjonsselskapet Espionage saman med sin mangeårige samarbeidspartnar Amund Bjørklund. I lag har dei hatt fleire hittar både i Noreg og internasjonalt, seinast i samarbeid med Tor Erik Hermansen og Mikkel Eriksen frå Stargate med Beyoncé sin største solohit «Irreplaceable». Den gjekk til topps på listene i Europa, og hadde førsteplass på Billboard Hot 100 i USA i 10 veker og vart den største låten der i 2007. Han har skrive og/eller produsert låtar for artistar som Jessica Simpson, Ne-Yo og Take That-medlem Mark Owen, og dessutan ei rekkje norske artistar som Maria Arredondo og David Pedersen. Han skreiv låten «Venn» saman med Lene Marlin på oppdrag frå Spellemannkomitéen til inntekt for offera etter flodbølgjekatastrofen i desember 2004.

Sideprosjekt

[endre | endre wikiteksten]

I mars 2006 la Lind ut på det som skulle vere ein kort turné med Kurt Nilsen, Alejandro Fuentes og Askil Holm. Enorm etterspurnad gjorde at turnéen vart forlenga ut heile 2006, og konsertplata Hallelujah Live vart det raskast seljande albumet i norsk historie med over 100 000 selde eksemplar på litt over ei veke. Albumet har per i dag selt over 240 000 eksemplar. Saman vann dei klassa årets hit for versjonen deira av Leonard Cohen «Hallelujah» under Spellemannprisen 2006.

Utmerkingar

[endre | endre wikiteksten]

Album

[endre | endre wikiteksten]

Singlar

[endre | endre wikiteksten]

Utvald diskografi som låtskrivar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff

[endre | endre wikiteksten]