Forslag 1:
Severnaja Zemlja er ei øygruppe i Arktis og Russland ved 79°30′N 97°19′E / 79.500°N 97.317°E. Ho ligg nord for Tajmyrhalvøya i Sibir på andre sida av Vilktiskijsundet. Øygruppa ligg mellom to randhav i Nordishavet, Karahavet i vest og Laptevhavet i aust.
Severnaja Zemlja vart først oppdaga i 1913 og først kartlagd i 1933. Ho er dermed den siste øygruppa som vart oppdaga på Jorda. Administrativt høyrer ho til Krasnojarsk kraj, men bortsett frå ein polarbase er ho ikkje busett.
Severnaja Zemlja består av fire store øyar - Oktoberrevolusjonøya, Bolsjevikøya, Komsomoletsøya og Pionerøya, samt rundt 70 mindre øyar. Dei utgjer eit totalt areal på 37 000 km². Oktoberrevolusjonøya er den største øya i Severnaja Zelmja. Arealet er estimert til 14 170 km², noko som gjer ho til den 56. største øya i verda. Les meir …
No vert koordinatane synte både inne teksten og oppe i høgre hyrnet. Njardarlogar 3. januar 2012 kl. 14:14 (CET)