Trine Haltvik | |
Statsborgarskap | Noreg |
Fødd | 23. mars 1965 (59 år) Trondheim |
Idrett | handball |
Tok del i | Sommar-OL 2000, Sommar-OL 1996, Sommar-OL 1988 |
Utmerkingar | Olavstatuetten, Trondheim kommunes kulturpris, Årets handballspelar frå IHF |
Trine Haltvik (fødd 23. mars 1965) er ein norsk tidlegare handballspelar og -trenar frå Trondheim. Ho vann EM-gull 1998 og VM-gull 1999 med Noreg, og elles sølvmedaljar OL 1988, VM 1997 og EM 1996, og bronsemedaljar EM 1986 og OL 2000. Haltvik, som var høgre rykkrom-spelar, vann fem seriegull og tre cupmeisterskap med Byåsen IL. I tida 1984-2000 spelte ho 240 landskampar for Noreg og skåra 832 mål.
Haltvik debuterte på det norske landslaget mot Sverige 14. september 1984 og spelte sin siste landskamp i OL-bronsefinalen mot Sør-Korea 1. oktober 2000. Ho var med då Noregs handballkvinner fekk sitt internasjonale gjennombrot med bronsemedaljar under Handball-EM 1986 i Nederland, og to år seinare vann sølv under Sommar-OL 1990. Perioden 1991-95 kom ho ikkje med i troppane til dei ulike meisterskapane. Fyrst då Noreg spelte seg til bronsefinale under Sommar-OL 1996, var Haltvik tilbake på laget. I dei nestkomande meisterskapsturneringane var ho ein nøkkelspelar då Noreg tok sølv i EM 1996 og VM 1997, deretter gullmedaljar i EM 1998 og VM 1999, og til sist OL-bronse i 2000. Etter framifrå innsats i EM 1998 vart ho kåra til årets kvinnelege handballspelar av Verdas handballforbund.
Haltvik vart norsk cupmeister med Byåsen IL tre gongar og seriemeister fem gongar. Ho vart toppskårar i den norske handballserien 1996, 1998 og 1999. Sesongen 1999/2000 spelte ho på spanske Remundas, vende så tilbake til Byåsen. Ho slutta i Byåsen i 2006 og byrja noko seinare som spelande trenar i Selbu IL til 2012.
Haltvik vart tildelt Olavstatuetten i 1998.