Marte Eliasson
Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. september 1969 (54 år)
Trondheim
Yrke handballspelar

Marte Eliasson (fødd 27. september 1969) er ein norsk tidlegare handballspelar frå Trondheim. Kantspelaren vann OL-sølv 1988 og bronsemedalje i VM 1993 og EM 1994. Eliasson spelte dei fyrste ungdomsåra på Utleira, sidan var ho aktiv på norsk toppnivå i Sverresborg IF og i Sjetne IL.

Eliasson fekk sin landslagsdebut 7. august 1987 då Noreg møtte Vest-Tyskland. Året etter var ho med å vinne sølv under Sommar-OL 1988 i Seoul. Ho deltok i Handball-VM 1990, men måtte sjå Sommar-OL 1992 heimafrå. Under Handball-VM 1993 på norsk heimebane skåra ho to mål då Noreg vann 20-19 over Romania i bronsefinalen. Eitt år seinare stod ho for tre nettkjenningar då Noreg sikra ein ny bronsemedalje med 24-19 mot Ungarn i Handball-EM 1994, hennar siste kamp i landslagsdrakta. Eliasson spelte 145 landskampar og skåra 179 mål.

Merittar

[endre | endre wikiteksten]

Kjelder

[endre | endre wikiteksten]