Ternopil oblast
Тернопільська область, Ternopilska oblast
oblast
Frå Sjybalyn
Flagg
Våpen
Kallenamn: ukrainsk Тернопільщина (Ternopilsjtsjyna)
Land  Ukraina
By Ternopil, Tsjortkiv, Kremenets
Rajon 17
Byrajon 1
Byar 31
Landsbyar 1019
Hovudstad Ternopil
Areal 13 823 km²
Folketal 1 107 294  (2006)
Folketettleik 80 / km²
Guvernør Mykhaylo Tsymbalyuk[1]
ISO 3166-2 kode UA-61-
Retningsnummer +380-35
Kart
Ternopil oblast
49°33′21″N 25°35′33″E / 49.555833333333°N 25.5925°E / 49.555833333333; 25.5925
Wikimedia Commons: Ternopil Oblast
Nettstad: www.adm.gov.te.ua

Ternopil oblast (ukrainsk Тернопільська область) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Oblastet ligg i det historiske landskapet Galizia. Regionen har 1 107 294 innbyggjarar og eit areal på 13 823 km².

Administrasjonssentrum i oblastet er Ternopil. Andre viktige byar er Tsjortkiv, Kremenets og Berezjany.

Området var frå gammalt av polsk, før det vart ein del av Austerrike-Ungarn i samband med delingane av Polen. I mellomkrigstida var området igjen polsk, med status som eige voivodskap, før det i samband med andre verdskrigen vart innlemma i Ukrainske SSR.

Flesteparten av innbyggjarane i regionen er katolikkar (austlege), men det er òg mange protestantiske og ortodokse minoriteter. Etnisk sett er dei fleste innbyggjarane ukrainarar, men det er òg ein stor russisk minoritet.

Kjelder

  1. Yanukovych dismissed his governor, Unian.net (June 17, 2010)