Lviv oblast | |||
Львівська область, Lvivska oblast | |||
oblast | |||
|
|||
Kallenamn: ukrainsk Львівщина (Lvivsjtsjyna) | |||
Land | Ukraina | ||
---|---|---|---|
Rajon | 20 | ||
Byrajon | 9 | ||
Byar | 78 | ||
Landsbyar | 1849 | ||
Hovudstad | Lviv | ||
Areal | 21 833 km² | ||
Folketal | 2 552 900 (2009[1]) | ||
Folketettleik | 117 / km² | ||
Guvernør | Mykhailo Kostiuk | ||
ISO 3166-2 kode | UA-46- | ||
Retningsnummer | +380-32 | ||
Lviv oblast 49°43′03″N 23°57′01″E / 49.7175°N 23.950277777778°E | |||
| |||
Wikimedia Commons: Lviv Oblast | |||
Nettstad: www.loda.gov.ua |
Lviv oblast (ukrainsk Львівська область) er ein provins (oblast) i det vestlege Ukraina. Administrasjonssenteret og største by er Lviv. Provinsen har 2 555 834 innbyggjarar (2006), og eit areal på 21 833 km².
Området ligg i den historiske regionen Galizia, og har mellom anna høyrt til Polen-Litauen fram til 1775 og Austerrike-Ungarn frå 1775 til 1918. Etter første verdskrigen vart området igjen polsk, før det vart ein del av Ukraina og Sovjetunionen i 1939 som følgje av den sovjetiske erobringa av Aust-Polen.
Dei viktigaste næringsvegane i Lviv oblast er landbruk og skogbruk. Området har òg noko industri.
90% av innbyggjarar er etniske ukrainarar. Av minoritetsgrupper er russarar den viktigaste, men det er òg enkelte jødiske, polske og tyske samfunn i regionen. Det finst òg romfolk i Lviv oblast.