Sukkerfuglar | |
Kappsukkerfugl, Promerops cafer Foto: Alan Manson
| |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Ryggstrengdyr Chordata |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Familie: | Sukkerfuglar Promeropidae Brisson, 1760 |
Sukkerfuglar er ein liten biologisk familie, Promeropidae, av sporvefuglar som er avgrensa til det sørlege Afrika. Familien har ei slekt Promerops med to artar. Sukkerfuglane har brunleg farga fjørdrakt, lange nedbøygde nebb typisk for nektaretande sporvefuglar, og lange halefjører. Promeropidae utgjer ein av berre to fuglefamiliar avgrensa til det heilt sørlege Afrika, den andre familien er klippehopparar, Chaetopidae. I utsjånad og levevis liknar sukkerfuglane store langhala solfuglar, men kan vere nærare knytt til australske honningetarar.
Bandsukkerfugl er funnen frå Zimbabwe og sørover, bortset frå heilt sør i Sør-Afrika, i Kapprovinsen, der han er erstatta av kappsukkerfugl.
Begge artar er avhengig av Protea-plantar og finst i proteakratt. Kappsukkerfugl er funnen i fynbos, og har òg flytta inn i hagar og planteskolar.
Dei to sukkerfuglartane er middels store sporvefuglar, veg mellom 26 og 46 gram og er 23-44 cm i lengd. Stjerten gjer ut for mellom 15-38 cm av lengda, halar hos kappsukkerfugl er samla lengre enn hos bandsukkerfugl. Hannfuglar har lengre stjert enn hofuglar hos begge artane, men skilnaden er meir tydeleg hos kappsukkerfugl. Samla sett er både kroppsstorleik og kroppsmasse størst hos hannar, det gjeld begge artane. Begge har lange og slanke nebb som er svakt bøygd, og igjen har hoer litt kortare nebb, som fører til skilnader i fôringsnisjar. Morfologi i skalle og tunge av sukkerfuglane er viser mykje likskap med honningetarar, eit resultat av konvergent evolusjon. Tunga er lang og kan stikkast fram og ut, ho er røyrforma og har riller mot spissen.[1]
Nektar frå Protea-blomar gjev det meste av den energien desse artane krev, og dei utfører vesentleg pollinering av planteslekta. Føda blir supplert med insekt som tiltrekkjast av blomane.[2] Studiar av føda for sukkerfuglar syner at bier i familien Apidae og fluger gjer ut for ein stor del av kosthaldet, og at insekt blir snappa i lufta.
Hekkeåtferd og hekkevanar hos dei to artane av sukkerfuglar er svært like.[1] Begge artane er monogame, og hannar av sukkerfuglar vil forsvare territorium i hekkesesongen.[3] Hoa legg to egg i reiret som er bygd i ei forgreining i eit tre.
Dei to artane av sukkerfugl har tidlegare vore handsama som same arten. Utbreiingsområdet for bandsukkerfugl er ikkje samanhengande, og for tida er det to aksepterte underartar, éin i nord og éin lengjer sør. Artsliste:[4][5]
Tidlegare var òg tre andre slekter tatt med i familien Promeropidae, alle med uklår taksonomisk status, alle i Afrika sør for Sahara. Til dømes var arten i Modulatrix, prikkstrupe, med leveområde i alpint Aust-Afrika, ein gong plassert i det tidlegare store taksonet som inkluderer timalar.[6]
Frå 2017 blei følgande slekter og artar tatt ut av sukkerfuglfamilien og plassert i sin eigen familie Modulatricidae[7]: prikkstrupe, Modulatrix stictigula, flekkbryst, Arcanator orostruthus og gråbryst, Kakamega poliothorax.