Solfuglar
Karminsolfugl Aethopyga siparaja Foto: Lip Kee Yap
Karminsolfugl Aethopyga siparaja
Systematikk
Rike: Dyr Animalia
Rekkje: Ryggstrengdyr Chordata
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Sporvefuglar Passeriformes
Familie: Solfuglar Nectariniidae
Vigors, 1825

Solfuglar er ein biologisk familie, Nectariniidae, av små sporvefuglar. Det finst ca. 140 artar i 15 slekter spreidd over Afrika, Sør-Asia og nordlege Australia. Hovudføda for solfuglar er nektar, men dei vil også ta insekt, spesielt når dei fôrar ungar. Frukt er også ein del av kosthaldet for nokre artar. Flyginga er kjapp og direkte på korte venger.

Det finst to fuglefamiliar som har likskap med solfuglar, men med svært fjernt slektskap: kolibriar i Amerika og honningetarar i Australia. Likskapen mellom desse tre gruppene kjem av konvergerande evolusjon som reflekterer liknande levemåte basert på diett av nektar. Somme solfuglar kan ta nektar mens dei stillar i lufta som ein kolibri, men det vanlege er at dei sit på ei grein eller liknande når dei et.

Bilete av solfuglar

Artsliste

Solfuglar i rekkjefølgje etter EBird/Clements Checklist v2018[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler:[2]

Slekt Chalcoparia

Slekt Deleornis

Slekt Anthreptes

Slekt Hedydipna

Slekt Anabathmis

Slekt Dreptes

Slekt Anthobaphes

Slekt Cyanomitra

Slekt Chalcomitra

Slekt Leptocoma

Slekt Nectarinia

Slekt Drepanorhynchus

Slekt Cinnyris

Slekt Aethopyga

Slekt Arachnothera

Kjelder

Referansar

  1. Schulenberg T.S.; M.J. Iliff; B.L. Sullivan; C.L. Wood; T. A. Fredericks; D. Roberson (august 2018), eBird/Clements Checklist v2018 (CSV), Cornell Lab of Ornithology, henta 14. april 2019 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. med oppdateringar i 2017. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 21.12.2017)

Bakgrunnsstoff