Smiley Smile Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 18. september 1967[1] | |
Innspelt | 3. juni til 14. juli 1967 Bortsett frå «Good Vibrations»: Sporadisk frå 18. februar til 11. september 1966, delar av akkompagnementet til «Heroes and Villains»: Oktober 1966 og avsluttinga på «Vegetables»: April 1967 | |
Sjanger | Psykedelisk pop, psykedelisk rock | |
Lengd | 27:36 | |
Selskap | Brother/ Capitol | |
Produsent | The Beach Boys | |
The Beach Boys-kronologi | ||
---|---|---|
Pet Sounds (1966) |
Smiley Smile | Wild Honey (1967)
|
Meldingar | |
---|---|
Karakter | |
Kjelde | Karakter |
AllMusic | [2] |
Blender | [3] |
Encyclopedia of Popular Music | [4] |
MusicHound | 4.5/5[5] |
Pitchfork Media | |
The Rolling Stone Album Guide | [7] |
Smiley Smile er det tolvte albumet til The Beach Boys og kom ut i 1967. Albumet kom ut i staden for det mykje omtalte albumet Smile og vert rekna som underprodusert og då det kom ut vart det møtt med likegyldigheit og forvirring.[8] Statusen til Smiley Smile har likevel vokse med åra og det har vorte ein kultfavoritt.[8]
Etter «Good Vibrations» toppa singellistene seint i 1966 var det store forventningar til Smile-prosjektet.[9] Men i mai 1967 vart albumet avlyst og The Beach Boys trekte seg som ein av hovudattraksjonane på Monterey Pop Festival. Det opphavlege prosjektet (som tok lenger tid enn noko anna Beach Boys-album tidlegare) vart skrinlagt. Albumet vart hovudsakleg spelt inn i det nye heimestudioet til Brian Wilson i Bel Air i løpet av juni og juli, og inneheld forskjellige utgåver av songar som var meint for Smile («Heroes and Villains», «Wind Chimes», «Vegetables» og «Wonderful») og andre songar som raskt vart raska saman. Berre «Good Vibrations» er originalutgåva. «Good Vibrations» vart inkludert for å auke salstala, sjølv om Brian Wilson var sterkt imot dette.
Då Smiley Smile til slutt kom ut i september, etter månader med intensiv publisitet, var kritikarane stort sett lite entusiastiske og albumet nådde berre 41. plass i USA.[10] I Storbritannia gjorde albumet det noko betre nokre månader seinare og nådde 9. plass.
Smiley Smile vert rekna som det mest kontroversielle Beach Boys-albumet. Mange tilhengjarar meiner det var ein massiv fiasko, medan andre ser på det som eit av dei mest særeigne albuma i 60-åra. Pete Townshend frå The Who er kjend som ein stor tilhengjar av albumet, og det same er Robbie Robertson frå The Band.
Smiley Smile markerte starten på slutten for Brian Wilson som den kreative leiaren i The Beach Boys. Sjølv om albumet i hovudsak er produsert av han, var produksjonen for første gong tilskriven heile gruppa. Dei neste åra og albuma vart Wilson mindre og mindre involvert i musikkproduksjon, og det var først i 1976 med 15 Big Ones at Wilson igjen vart tilskriven som produsent.
Smiley Smile finst i dag på CD i lag med Wild Honey og bonusspor frå perioden. I Australia vart Smiley Smile gjeven ut som The Beach Boys.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Heroes and Villains» (Brian Wilson, Van Dyke Parks) | Brian Wilson på vers, Alan Jardine på refreng | 3:37 |
2. | «Vegetables» (Wilson, Parks) | Alan Jardine og Brian Wilson med Mike Love | 2:07 |
3. | «Fall Breaks and Back to Winter (Woody Woodpecker Symphony)» | korvokal av bandet | 2:15 |
4. | «She's Goin' Bald» (Brian Wilson/Van Dyke Parks/Mike Love) | Mike Love, Brian Wilson, Dennis Wilson og Al Jardine | 2:13 |
5. | «Little Pad» | Brian Wilson, Carl Wilson og Mike Love | 2:30 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
6. | «Good Vibrations» (B. Wilson, Love) | Carl Wilson, Mike Love og Brian Wilson | 3:36 |
7. | «With Me Tonight» | Carl Wilson | 2:17 |
8. | «Gettin' Hungry» (B. Wilson, Love) | Mike Love og Brian Wilson | 2:27 |
9. | «Wonderful» (Wilson, Parks) | Carl Wilson | 2:21 |
10. | «Whistle In» | Carl Wilson og Mike Love | 1:04 |
Liste (1967) | Plassering |
---|---|
Britiske album (OCC)[11] | 9 |
US Billboard 200[12] | 41 |
Studioalbum | Surfin' Safari · Surfin' USA · Surfer Girl · Little Deuce Coupe · Shut Down Volume 2 · All Summer Long · The Beach Boys' Christmas Album · The Beach Boys Today! · Summer Days (And Summer Nights!!) · Beach Boys' Party! · Pet Sounds · Smiley Smile · Wild Honey · Friends · 20/20 · Sunflower · Surf's Up · Carl and the Passions - "So Tough" · Holland · 15 Big Ones · Love You · M.I.U. Album · L.A. (Light Album) · Keepin' the Summer Alive · The Beach Boys · Still Cruisin' · Summer in Paradise · Stars and Stripes Vol. 1 |
---|---|
Konsertalbum | Beach Boys Concert · Live in London · The Beach Boys in Concert · Good Timin': Live at Knebworth England 1980 |