Little Deuce Coupe Studioalbum av The Beach Boys | ||
Språk | engelsk | |
Utgjeve | 21. oktober 1963 | |
Innspelt | 2. september 1963 Bortsett frå «409»: April 1962, «Shut Down» 31. januar 1963 «Little Deuce Coupe» 12. juni 1963 & «Our Car Club» 16. juli 1963 | |
Sjanger | Surferock | |
Lengd | 25:25 | |
Selskap | Capitol | |
Produsent | Brian Wilson | |
Kritikk | ||
---|---|---|
The Beach Boys-kronologi | ||
Surfer Girl (1963) |
Little Deuce Coupe | Shut Down Volume 2 (1964)
|
Little Deuce Coupe er det fjerde albumet til The Beach Boys og det tredje dei gav ut i 1963. Albumet var nesten ikkje meint å kome ut då det kom og vart raske spelt inn og sett saman av Brian Wilson som prøvde å verne bandet sitt.
Little Deuce Coupe nådde fjerdeplass i USA og låg på lista der i 46 veker. Little Deuce Coupe finst i dag på CD i lag med All Summer Long, samt bonusspor frå denne perioden.
Sommaren 1963 sette Capitol Records saman ei «hot rod»-samling kalla Shut Down, som inkluderte The Beach Boys-songane «Shut Down» og «409», utan løyve frå bandet. Brian Wilson gjorde så raskt klar fleire songar han hadde arbeidd på (hovudsakleg i lag med radioprataren Roger Christian) og bandet spelte inn songane og gav dei ut som Little Deuce Coupe, utruleg nok berre ein månad etter førre album, Surfer Girl kom ut. Åtte av songane var nye, medan «Little Deuce Coupe», «Our Car Club», «Shut Down» og «409» hadde vore gjevne ut på dei tre førre albuma.
Sjølv om det var ein sjanse å gje ut to plater så tett etter kvarandre, vart Little Deuce Coupe ein stor hit og nådde fjerdeplass i USA, samt selde til platina her. Sidan dei fleste songane omhandla bilar (bortsett frå «Be True to Your School», sjølv om også denne nemner køyring), har Little Deuce Coupe vorte kalla eit av dei tidlegaste døma på konseptalbum innan rock.
Sjølv om albumet vart spelt inn så raskt, var kvaliteten høg. Songane til Brian Wilson og arrangementa deira vart stadig meir trollbindande og komplekse, særleg «No-Go Showboat» og «Custom Machine».
Etter at plata vart spelt inn, spelte Brian Wilson inn «Be True to Your School» på ny for singelutgåva. Singelen vart ein ny hit som nådde Topp 10.
Dette var det siste Beach Boys-albumet med rytmegitarist David Marks. Det opphavlege medlemmet Al Jardine kom tilbake til bandet under innspelinga og Marks forlet bandet kort tid etter.
Ein Deuce Coupe er ein Ford Model B Coupe frå 1932 (deuce («to») står for året han kom ut). Dette var den definitive hot-rod-bilen.
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
1. | «Little Deuce Coupe» (Brian Wilson/Roger Christian) | Mike Love | 1:38 |
2. | «Ballad of Ole' Betsy» (Brian Wilson/Roger Christian) | Brian Wilson | 2:15 |
3. | «Be True to Your School» (Brian Wilson/Mike Love) | Mike Love | 2:06 |
4. | «Car Crazy Cutie» (Brian Wilson/Roger Christian) | Brian Wilson | 2:47 |
5. | «Cherry, Cherry Coupe» (Brian Wilson/Roger Christian) | Mike Love | 1:47 |
6. | «409» (Brian Wilson/Mike Love/Gary Usher) | Mike Love | 1:58 |
Nr. | Tittel | Solovokal | Lengd |
---|---|---|---|
7. | «Shut Down» (Brian Wilson/Roger Christian) | Mike Love | 1:48 |
8. | «Spirit Of America» (Brian Wilson/Roger Christian) | Brian Wilson | 2:23 |
9. | «Our Car Club» (Brian Wilson/Mike Love) | Brian Wilson og Mike Love | 2:21 |
10. | «No-Go Showboat» (Brian Wilson/Roger Christian) | Brian Wilson og Mike Love | 2:08 |
11. | «A Young Man is Gone» (Bobby Troup/Mike Love) | Brian Wilson, Carl Wilson, Mike Love og Al Jardine | 2:00 |
12. | «Custom Machine» (Brian Wilson/Mike Love) | Mike Love | 1:52 |
The Beach Boys
Studioalbum | Surfin' Safari · Surfin' USA · Surfer Girl · Little Deuce Coupe · Shut Down Volume 2 · All Summer Long · The Beach Boys' Christmas Album · The Beach Boys Today! · Summer Days (And Summer Nights!!) · Beach Boys' Party! · Pet Sounds · Smiley Smile · Wild Honey · Friends · 20/20 · Sunflower · Surf's Up · Carl and the Passions - "So Tough" · Holland · 15 Big Ones · Love You · M.I.U. Album · L.A. (Light Album) · Keepin' the Summer Alive · The Beach Boys · Still Cruisin' · Summer in Paradise · Stars and Stripes Vol. 1 |
---|---|
Konsertalbum | Beach Boys Concert · Live in London · The Beach Boys in Concert · Good Timin': Live at Knebworth England 1980 |