Sju slag kaker eller dei sju slaga viser til tradisjonar om å ha sju ulike typar småkake til eit visst høve.
I nyare norsk samanheng viser det til julebakst. Tidlegare tradisjonar kunne ha sju ulike slag bakst til bryllaup.[1] I svensk tradisjon har sju slag kaker vore det «rette» talet på kaker til kaffiselskap.[2]
Kakene kan vera av ulike deigtypar, men det finst fleire oppskrifter på sju kakeslag laga av ein grunndeig.[3][4]
Sju slag blir ofte nemnd i samband med julebakst i Noreg. Det er ikkje kjend korleis omgrepet oppstod, og det er ikkje funne prov for at dette er ein gammal skikk.[5] Talet på kaker ein laga til jul kunne variera til opptil 20 på storgardar tidleg på 1900-talet.[5] Den eldste omtalen av sju slag kaker Henry Notaker har funne var til eit bryllaup på Vestlandet for rundt hundre år sidan.[1]
Mange av kakeslaga som blir nemnde som del av dei sju har kome til landet nokså nyleg. Ei rekkje av dei blir laga i steikeomn, som berre byrja bli utbreidd i Noreg frå midten av 1800-talet. Tidlegare var det vanlegast å steika kaker i jern eller frityrsteika dei i smult.[5]
Gamle kaker steikte i jern er til døme goro, avletter og skrivarbrød. Kaker steikte i smult, som ein tradisjonelt fekk frå grisen ein slakta til jul, kunne vera smultringar, hjortetakk og rosettbakkels.[5] På 1700-talet skilde ein ikkje mellom julekaker og andre småkaker. Julekaker blei først definerte som særskild knytte til høgtida på 1800-talet.[1]
Kva kaker som eventuelt høyrer til dei sju slaga kan variera, men vanlege typar er:[6][7]
I Sverige kan ein ha sju sorters kakor ved kaffislaberas (kafferep). Skikken med å ha minst sju slag kaker ved slike samkomer er kjend frå slutten av 1800-talet av.[8]
I 1945 blei det gjeve ut ei kokebok kalla Sju sorters kakor. Boka fortalde at sju slag var eit minstekrav for kor mange kaker ein skulle servera i eit selskap tidleg i hundreåret. Ein kunne rekna det som underleg å servera mindre enn sju, og hovmodig å servera fleire. Det verker likevel som om ulike reglar galdt på ulike stader.[9]
Ei typisk servering til eit kafferep på 1930-talet hadde bakverk i ei viss rekkjefølgje bestemt av konsistensen, sødma og storleiken deira. Den tradisjonelle rekkjefølgja var:[10]
Deretter kunne ein ha ei valfri forseggjort kake.
Kva småkaker ein serverer til kafferep kan variera, men nokre typar som ofte er nemnde er:
|