Schackrutor er ein svensk småkaketype med sjakkbrettmønster. Ein lagar dei ved å dela ein klassisk mørdeig i to, og så tilsetja kakao til den eine delen. Dei to deigdelane blir så begge delte i to att og rulla til pølser. Desse blir så lagde saman og skorne i skiver som likner små sjakkbrett.
Kakene er vanlege å ha som eit av sju slag kaker på eit tradisjonelt kakefat.[1]