Sandwich eller dobbelt smørbrød er ein matrett danna av to eller fleire brødskiver med pålegg mellom seg. Ein variant er club sandwich, som er ein sandwich med to lag pålegg mellom tre brødskiver.
Sandwich-namnet blir knytt til John Montagu, den fjerde jarlen av Sandwich. Ifølgje ein anekdote frå 1762 hadde han ikkje tid til å eta eit skikkeleg måltid under eit langvarig kortspel, og bad derfor tenarane om kjøt mellom to brødskiver. Medspelaren hans kravde då også «brød som Sandwich». I 1765 avviste biografen til Montagu denne framstillinga, og meinte i staden at jarlen truleg hadde funne opp sandwichen for ikkje å måtta avbryta arbeidet ved skrivebordet. Ein opphavleg sandwich bestod av ei enkel skive salt oksekjøt lagt mellom to skiver rista brød.
«sandwich» i Store norske leksikon, snl.no.