Anekdote (av gresk ανέκδοτον, anékdotoni, ‘ikkje utgjeven’) er ei kort, gjerne spøkefull forteljing. Ho kan vera knytt til ein kjend person eller ei hending, og treng ikkje nødvendigvis vera sann.[1][2] Anekdoten kan ha eit klart poeng eller illustrera ei sak.[3]
I eldre tid var anekdotar skrifter som bygde på munnlege forteljingar. Det finst innslag av anekdotiske beretningar i mange romaner.[3]
Ordet «anekdote» blei først brukt om ei samling soger av den bysantinske historieskrivaren Prokopios på 500-talet.[4] Verket hans Anekdota Ἀνέκδοτα), omsett som 'Uutgjevne skrifter' eller 'Hemmeleg historie', gjev han att ulike historier om keisar Justinianus og folka rundt han. Også tidegare romerske historikarar som Plutark og Sveton brukte anekdotar om keisarar i verka sine.[5] Valerius Maximus skreiv eit verk på ni band som samla anekdotar og utsegner, Factorum ac dictorum memorabilium libri IX rundt år 30.[6] For romarane kunne anekdotar verka som exemplum, moralske forteljingar brukte til å illustrera poeng. Slike moraliserande anekdotar fortsette å vera viktige gjennom mellomalderen.[7]
I tidleg moderne tid var ankdotar utbreidde i fransk litteratur under namn som historiettes, bagatelles eller curiosités.[8] Historiettes av Gédéon Tallemant des Réaux som kom ut frå 1657 er eit kjent døme, med anekdotar om kongane Henrik IV og Ludvig XIII og andre personar i samtida, som François de Malherbe, Blaise Pascal, Jean de la Fontaine, Ninon de l'Enclos og Angélique Paulet.[9]