Saint-John Perse | |
Statsborgarskap | Frankrike |
Fødd | 31. mai 1887 Pointe-à-Pitre |
Død |
20. september 1975 (88 år) |
Yrke | lyrikar, omsetjar, diplomat, skribent |
Språk | fransk |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Bayerische Akademie der Schönen Künste |
Mor | Renée Dormoy-Léger |
Ektefelle | Dorothy Russel |
Saint-John Perse på Commons |
Saint-John Perse (fødd Alexis Leger, 31. mai 1887–20. september 1975) var ein fransk lyrikar og diplomat som i 1960 fekk Nobelprisen i litteratur «för den höga flykten och den bildskapande fantasien i hans diktning, som visionärt avspeglar tidsläget.»[1][2]
Saint-John Perse vart fødd som Alexis Leger i Pointe-à-Pitre på Guadeloupe og voks opp på dei franske Antillane. Familien reiste attende til Frankrike i 1899 og han studerte jus og statsvitskap ved universiteta i Bordeaux og Paris.
I 1914 gjekk han inn i diplomatiet og var stasjonert og på reise i Beijing, Korea, Mongolia og Japan. Etter den første verdskrigen vart han rådgjevar for den franske utanriksministeren, Aristide Briand. I 1929 blei han utnemnd til Directeur des Affaires politiques i Utanriksdepartementet og i 1933 følgde han etter sin mangeårige velgjerar og ven Philippe Berthelot som generalsekretær i Utanriksdepartementet.
På grunn av ei avvisande haldning til Vichy-regimet sin ettergjevande politikk («appeasement») overfor det nasjonalsosialistiske Tyskland blei Alexis Leger avsett frå sine embete i 1940. Han mista den franske statsborgarskapen og heile formua blei konfiskert. Han emigrerte til USA der han arbeidde som rådgjevar for Library of Congress. Etter den andre verdskrigen blei han rehabilitert i Frankrike, trass det fortsette han å bu i USA og kom først attende til Frankrike i 1957 – då som diktaren Saint-John Perse.
Nokre månader før han døydde donerte han biblioteket sitt, manuskript og private notatar til Fondation Saint-John Perse, eit forskingssenter via livet og verket hans som er plassert i Cité du Livre i den sørfranske byen Aix-en-Provence.
Forfattarskapen til Perse står i tradisjonen til Arthur Rimbaud. I boka Die Struktur der modernen Lyrik karakteriserte Hugo Friedrich Perse som ein særleg radikal representant for den moderne lyrikken. Tekstane til Perse er i høg grad kjenneteikna ei kjensle av å vere kløyvd og tap av einskap, medviten rådløyse, forvirring og tvil for lesaren.