Nadine Gordimer | |
Statsborgarskap | Sør-Afrika |
Fødd | 20. november 1923 Springs |
Død |
13. juli 2014 (90 år) |
Yrke | lyrikar, skribent, romanforfattar, skodespelforfattar, novelleforfattar, scientific editor, prosaforfatter |
Språk | engelsk |
Politisk parti | ANC |
Sjanger | roman, kortroman, novelle |
Medlem av | American Academy of Arts and Sciences, Royal Society of Literature |
Religion | ateisme |
Far | Isidore Gordimer |
Mor | Hannah Gordimer |
Ektefelle | Reinhold Cassirer, Gerald Gavron |
Born | Oriane |
Nadine Gordimer på Commons |
Nadine Gordimer (fødd 20. november 1923 i Springs i Transvaal, dagens Gauteng, død 13. juli 2014) var ein sørafrikansk, engelskspråkleg forfattar og politisk aktivist.
I romanane, forteljingane og essaya sine omtalar Gordimer framfor alt den sørafrikanske apartheidpolitikken og dei øydeleggande verknadane den fekk for både den afrikanske og den europeiskætta befolkninga. Ho var medlem av ANC på ei tid rørsla var ulovleg og har seinare vore aktiv i spørsmålet rundt årsaka til spreiinga av Hiv/aids.
I 1974 fekk Nadine Godimer Bookerprisen og i 1991 Nobelprisen i litteratur med grunngjevinga at ho var ein forfattar «som genom storartad episk diktning har – med Alfred Nobels ord – gjort mänskligheten den största nytta»[1][2]
|
|