Romaleidae | |
Dracotettix monstrosus | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Rekkje: | Leddyr Arthropoda |
Underrekkje: | Seksfotingar Hexapoda |
Klasse: | Insekt Insecta |
Orden: | Rettvenger Orthoptera |
Underorden: | Caelifera |
Overfamilie: | Acridoidea |
Familie: | Romaleidae Pictet & Saussure, 1887 |
Romaleidae er ei gruppe av rettvengene (Orthoptera) og tilhøyrer ei familiegruppe blant grashoppene.
Gruppa omfattar middelsstore til særs store (nokre artar over 25 cm lange), kraftige grashopper. Denne familien omfattar dei største grashoppene. Nokre artar er kamuflasjefarga, medan andre er ganske fargerike, ofte mørkbrune med raude flekker. Bakbeina er kraftige hoppebein og leggane er piggete. Flygevengene er vanlegvis velutvikla og ofte skarpt raude.
Ein kan finna familien i mange ulike miljø, frå ørken til tropisk regnskog. Nokre artar lever på bakken, men det finst òg artar som lever oppe i trekronene. Familien er planteeterar, og nokre artar kan gjera noko skade i tropisk jordbruk. Mange artar har sterke fargar som signaliserer at dei er giftige (aposematisme), særleg gjeld dette nymfene. Nokre kan laga ein kvesande lyd når dei blir forstyrra, eller skilje ut eit giftig skum frå spirakla (andehola) på sida av kroppen.
Romaleidae har flest artar i tropiske og varm-tempererte område av Amerika. Vidare finst det nokre få artar i tropisk Asia. Dei finst ikkje i Afrika, Europa og Australia.