Nymfe er eit stadium hjå hemimetabole insekt mellom egg og vakse dyr.[1] Det tilsvarar larvestadiet hjå holometabole insekt, men nymfa til eit insekt liknar meir på det vaksne individet og går til dømes ikkje gjennom noko puppestadium. Insektet kan gå gjennom fleire hamskifte der nymfene blir stadig likare vaksne insekt.[2] Mellom insektgrupper som har nymfestadium kan ein nemna teger, lus,[3] augestikkarar, vassnymfer,[4] grashopper og kakerlakkar.[2]