People Are Strange Singel av The Doors frå albumet Strange Days | ||
B-side |
Unhappy Girl | |
---|---|---|
Utgjeve | September 1967 | |
Innspelt | Mai og august 1967 | |
Sjanger | Psykedelisk rock[1] | |
Lengd | 2:12 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | Robby Krieger, Jim Morrison | |
Tekstforfattar | Jim Morrison | |
Låtskrivar(ar) | Jim Morrison Robby Krieger | |
Produsent | Paul A. Rothchild | |
The Doors-kronologi | ||
«Light My Fire» (1967) |
People Are Strange | «Love Me Two Times» (1967)
|
«People Are Strange» er ein song av The Doors frå det andre albumet deira Strange Days frå 1967. Songen vart gjeven ut på singel i september 1967 og nådde 12. plass på den amerikanske singellista[2] og nådde Topp 10 på Cash Box-lista. Han var skriven av Robby Krieger og Jim Morrison, men tilskriven til heile bandet.
I følgje meldinga på Allmusic «reflekterer songen fascinasjonen til gruppa for den teatralske musikken frå europeisk kabaretmusikk.»[3] Songen omhandlar framangjering og det å vere ein framand. Som meldinga føre òg nemner kan Jim Morrison ha skriven songen til både hippiekulturen og til outsiderar generelt, og/eller til brukarar av narkotika som LSD.[3] Songen vart skriven tidleg i 1967 etter at gitarist Robby Krieger og ein deprimert Morrison hadde gått til toppen av Laurel Canyon.[4] Trommeslagar John Densmore trur songen var ei ytring for «sårbarheita» til Morrison.[4]
Liste (1967) | Plassering |
---|---|
Canada RPM Top Singles[5] | 1 |
New Zealand (Listener)[6] | 9 |
U.S. Billboard Hot 100 | 12 |
U.S. Cash Box Top 100 | 10 |
People Are Strange Singel av Echo & the Bunnymen frå albumet The Lost Boys: Original Motion Picture Soundtrack | ||
B-side |
Run, Run, Run | |
---|---|---|
Utgjeve | 1987 | |
Sjanger | Post-punk, alternativ rock | |
Lengd | 3:36 | |
Selskap | WEA, EastWest | |
Komponist | Robby Krieger, Jim Morrison | |
Tekstforfattar | Jim Morrison | |
Låtskrivar(ar) | The Doors | |
Produsent | Ray Manzarek | |
Echo & the Bunnymen-kronologi | ||
«Bedbugs and Ballyhoo» (1987) |
People Are Strange | «The Peel Sessions» (1988)
|
Den britiske gruppa Echo & the Bunnymen spelte inn ein versjon av «People Are Strange» for filmmusikken til filmen The Lost Boys i1987. Han vart sidan gjeven ut som singel det same året og nådde 29. plass på den britiske singellista i februar 1988.[7] og 13. plass i Irland i 1991.[8] Songen vart produserte av Ray Manzarek frå The Doors.
Liste (1988) | Plassering |
---|---|
UK Singles Chart[7] | 29 |
Irish Singles Chart[8] | 21 |
Liste (1991) | |
UK Singles Chart[7] | 34 |
Irish Singles Chart[8] | 13 |
Songen er òg spelt av Twiztid, George Winston, Stina Nordenstam og Tiny Tim.[9]
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum og filmmusikk |
|
Singlar |
|