Hello, I Love You Singel av The Doors frå albumet Waiting for the Sun | ||
B-side |
«Love Street» | |
---|---|---|
Språk | engelsk | |
Utgjeve | Juni 1968 | |
Innspelt | Februar til mai 1968 | |
Sjanger | ||
Lengd | 2:13 | |
Selskap | Elektra | |
Komponist | John Densmore, Robby Krieger, Ray Manzarek, Jim Morrison | |
Tekstforfattar | Ray Manzarek, John Densmore, Robby Krieger, Jim Morrison | |
Låtskrivar(ar) | Jim Morrison | |
Produsent | Paul A. Rothchild | |
The Doors-kronologi | ||
«The Unknown Soldier» (1968) |
Hello, I Love You | «Touch Me» (1968)
|
«Hello, I Love You» er ein song av The Doors frå albumet Waiting for the Sun i 1968. Han vart gjeven ut på singel same året og nådde førsteplassen i USA med over ein million selde eksemplar berre her. Songen vart òg ein hit i Storbritannia, der han nådde 15. plass.
Songen vart spelt inn så tidleg som i 1965 av The Doors for den første demoinnspelinga deira for Aura Records.
Songen vert stundom kalla «Hello, I Love You (Won't You Tell Me Your Name?)» eller «Hello, I Love You, Won't You Tell Me Your Name?».
I teksten som følgjer boksen The Doors, nektar Robby Krieger for at songen vart stolen frå Ray Davies, som nytta eit liknande riff i Kinks-songen «All Day and All of the Night». I staden sa han at stemninga i songen var teken frå Cream-songen «Sunshine of Your Love».
Vekeslister[endre | endre wikiteksten]
|
Årslister[endre | endre wikiteksten]
|
Region | Salstrofé | Salstal |
---|---|---|
USA (RIAA)[9] | Gull | 1,000,000^ |
Songen er spelt inn av andre artistar som Oleander, Alex Nautical, Buddy Rich, Missing Persons, The Cure, Eurythmics, Rhythmical, Simple Minds, Anal Cunt, Neil Young, Adam Ant, Adam Freeland, Program the Dead, Siouxie Sioux, Kiyoharu og det litauiske rockebandet Antis.
Studioalbum | |
---|---|
Konsertalbum |
|
Samlealbum og filmmusikk |
|
Singlar |
|