Orator (frå latin os, 'munn') tyder ein framifrå talar eller veltalande person. Det kan også brukast om personar som bruker store gestar og svulmande uttrykk.
Dei attiske oratorane
Dei attiske oratorane var ein litterær kanon over ti oratorar frå Attika og Aten som blei rekna som dei beste talaraneer i gresk antikk. Kanonen blei truleg utarbeidd i Alexandria i Egypt[1] Han fekk truleg den endelege forma si på 100-talet e.Kr.[2]