Ni lyriske poetar var ei gruppe poetar frå Hellas i antikken som blei rekna som ein litterær kanon av lærde i Alexandria under hellenismen. Det fanst også ei tilsvarande liste over ti oratorar.[1][2] Talet 9 spegler dei ni musene som ein rekna som inspirasjon for kulturen.
Dei ni lyriske poetane var:
Sapfo er den einaste kvinna på lista. Ho er også blitt omtalt som den tiande musa.[3]
Korinna vert iblant rekna med som den viktigaste kvinnelege lyrikaren etter Sapfo.[treng kjelde]
Antipatros frå Thessalonike la fram ein alternativ kanon av ni kvinnelege diktarar.[4]
I dei fleste greske kjeldene vert ordet melikos brukt frå melos «song»), medan nokre brukar lyrikos, som seinare vart det vanlege ordet på latin (lyricus) og i moderne språk. Sjangeren vart definert på grunnlag av metrisk form, ikkje innhald. Såleis vil nokre typar diktning som vert rekna som lyrikk i moderne litteraturkritikk ekskluderast, som elegien og iambus.[treng kjelde]
Diktinga til dei ni har tradisjonelt vorte kategorisert anten som korlyrikk eller som monodisk lyrikk. Dette skiljet er stilt spørsmal ved av ein del nyare forskarar.[5]